The Last Unicorn er eit filmmusikkalbum frå 1982 komponert og arrangert av Jimmy Webb og framført av America i lag med London Symphony Orchestra. Albumet inneheld filmmusikken frå filmen The Last Unicorn frå 1982, basert på romanen med same namn av Peter S. Beagle. Tittelsporet vart noko spelt i Tyskland, der han låg inne på topp 100 i sju veker og nådde 38. plassen.
Produksjon Musikken for The Last Unicorn vart spelt inn i De Lane Lea Studios i Wimbley i England i 1982. Det vart gitt ut i Tyskland i 1982 av Virgin Records, men er ikkje gitt ut i USA. Det inkluderer symfoniske stykke frå filmen. Studiosongaren Katie Irving er songstemma til Mia Farrow i filmen, sjølv om Jeff Bridges syng sjølv.
Komposisjon Tittelsongen blir framført i fellesskap av America og London Symphony Orchestra, og blir spelt i fortekstane av filmen medan scener basert på filmen dannar bakgrunn. Det blir seinare omtalt som eit leiemotiv i filmmusikken.
Innhald
Medverkande Jimmy Webb – produsent, arrangør, komponist Skip Mosher - arrangør, komponist (Oppført som Skip Moser) London Symphony Orchestra – orkester Dewey Bunnell – solovokal , gitar, korvokal Gerry Beckley – solovokal , piano, korvokal Michael Woods – sologitar, korvokal Brad Palmer – bass, korvokal Willie Leacox – trommer, perkusjon Katie Irving – vokal Jeff Bridges – vokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Last Unicorn (soundtrack)» frå , den 19. april 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Filmmusikkalbum frå 1982 Kategori:America-album Kategori:Jimmy Webb-album Kategori:Album produserte av Jimmy Webb