Dorothy Leigh Sayers () var ein britisk forfattar, poet og omsetjar.

Liv og virke Bakgrunn Sayers var fødd i Headmaster's House ved Brewer Street i Oxford. Ho var dotter av Helen Mary Leigh og ektemannen Henry Sayers. Mora var dotter av Frederick Leigh, ein advokat med røter blant landeigarar på Isle of Wight. Faren var kapellan ved Christ Church Cathedral i Oxford og rektor ved Christ Church Cathedral School. Ho voks opp i den vesle landsbyen Bluntisham i Huntingdonshire då far hennar blei prest der. Som einebarn på ein isolert stad var ho mykje åleine, og blei ein ivrig lesar etter å ho lært å lesa som fireåring.

Sayers fekk utdanning heime, på kostskule og på jentecollege. Faren byrja læra henne latin frå ho var seks. Seinare fekk ho ulike guvernanter som lærte henne fransk og tysk. I 1909 blei ho sendt til Godolphin School i Salisbury. Dette var inga god oppleving, og i 1911 blei Sayers alvorleg sjuk av meslingar som herja på skulen. Ho drog heim for å koma seg og førebu seg på å studera ved Oxford.

I 1912 fekk Sayers stiendet Gilchrist Scholarship for Modern Languages for å studera ved Somerville College i OxfordReynolds (1993), p. 43 der ho studerte moderne språk og mellomalderlitteratur og blei undervist av Mildred Pope. Ho gjekk ut med first-class honours i 1915. På denne tida blei ikkje kvinner gjevne ein grad, men Sayers var ein av dei fyrste som fekk ei grad då dette endra seg nokre år seinare. Ho blei Master of Arts i 1920.

Karriere Sayers gav ut si fyrste diktsamling i 1916 som OP. I ved Blackwell Publishing i Oxford. Den andre diktsamlinga hennar, Catholic Tales and Christian Songs, blei gjeven ut i 1918 av same forleggjar. Seinare arbeidde Sayers for Blackwell's og så som lærar ulike stader, mellom dei i Normandie i Frankrike. Ho gav også ut fleire dikt i The Oxford Magazine.

Seinare hadde ho ein karriere som tekstforfattar i reklamebransjen fram til ho kunne leva av forfattarskapen sin. Ho var tilsett ved S.H. Benson sitt reklamebyrå frå 1922 til 1931. Her samarbeidde ho med kunstnaren John Gilroy med å skapa «The Mustard Club» for Colman's-sennep og «Zoo»-reklamar for Guinness som har levd vidare i ettertida gjennom variasjonar. Eit døme var ein tukan med eit glas Guinness og Sayers sin jingle:

Sayers skal også ha funne på slagordet «It pays to advertise!»Murder Must Advertise, chapter 5Mitzi Brunsdale (1990). Dorothy L. Sayers. New York: Berg, p. 94.

I 1920–21 arbeidde ho på sin fyrste krimroman. Ho skildra grunnideen for Whose Body?, om eit lik som blir funne med berre ein lorgnett på seg, i eit brev frå 22. januar 1921: Offeret blei seinare endra til ein mann.

Sayers skreiv hovudsakleg om detektiven lord Peter Wimsey, men òg noveller om Montague Egg. Krimromanane hennar tok for seg trauma til veteranar frå fyrste verdskrigen i The Unpleasantness at the Bellona Club, etiske spørsmål innan reklame i Murder Must Advertise og om utdanning for kvinner og rolla deira i samfunnet i Gaudy Night. I denne boka skriv Miss Barton ei bok som går til åtak på nazidoktrinen «Kinder, Küche, Kirche», og på eit vis kan heile krimromanen lesast som eit åtak på nazistisk samfunnsdoktrine. Ho er blitt omtalt som «den fyrste feministiske krimromanen»., bora.uib.no

Fleire av bøkene hennar var inspirerte av tidlegare opplevingar. The Nine Tailors nytta scenar kring kyrkja i Bluntisham, med fleire namn i soga henta frå kyrkjegarden der, eit sentralt motiv henta frå faren sitt arbeid med å restaurera kyrkjeklokkene i 1910, og Great Ouse-elva og myrlandskapet The Fens eit førebilde for ein stor flaum kring landbsyen i boka.

Sayers gjekk seinare vekk frå krimsjangeren (dei siste verka hennar innan sjangeren inneheld mindre krimgåter og liknar «vanleg» skjønnlitteratur), og overgjekk til å omsetja og tolka mellomalderske verk til engelsk, som Dante sin Divina Commedia og La Chanson de Roland. Ho skreiv teologiske verk og dramatikk. Dorothy Sayers var ein nær venn av C.S. Lewis, forfattaren av Narnia-bøkene.

Bibliografi

Bøker med Lord Peter Wimsey Whose Body? (1923) Clouds of Witness (1926) Unnatural Death (1927) The Unpleasantness at the Bellona Club (1928) Lord Peter Views the Body (1928). 12 noveller. Strong Poison (1930) Five Red Herrings (1931) Have His Carcase (1932) Hangman's Holiday (1933) (12 noveller, av desse 4 med Lord Peter Wimsey. Murder Must Advertise (1933) The Nine Tailors (1934) Gaudy Night (1935) Busman's Honeymoon (1937) In the Teeth of the Evidence (1939). 18 noveller, av desse 4 med Lord Peter Wimsey.

Annen krim

The Documents in the Case (1930, skriven saman med Robert Eustace) The Floating Admiral (1931, skriven med andre medlemmer av The Detection Club) Ask a Policeman (1933, skriven med andre medlemmer av The Detection Club) The Sultry Tiger (1936) Double Death: a Murder Story (1939, skrivenmed andre medlemmer av The Detection Club) The Scoop and Behind the Screen (1983, skrivenmed andre medlemmer av he Detection Club) Crime on the Coast and No Flowers by Request (1984, skriven med andre medlemmer av The Detection Club).

Brevsamlingar

The letters of Dorothy L. Sayers, Vol. 1, 1899-1936 (1996) The letters of Dorothy L. Sayers. Vol. 2, 1937-1943 (1997) The letters of Dorothy L. Sayers. Vol. 3, 1944-1950 (1998)

Essay og faglitteratur Mind of the Maker (1941) ISBN 0-8371-3372-6 Unpopular Opinions (1947) Are Women Human? ISBN 0-8028-2996-1 Creed or Chaos?:Why Christians Must Choose Either Dogma or Disaster The Man Born to be King(1941) Sayers on Holmes The Whimsical Christian ISBN 0-02-096430-7

Dante-omsetjingar The Divine Comedy: Hell The Divine Comedy, Part 2: Purgatory The Divine Comedy of Dante Alighieri: The Florentine/Cantica III: Paradise (med hjelp fra Barbara Reynolds) Introductory Papers on Dante: Volume 1: The Poet Alive in His Writings Further Papers on Dante Volume 2: His Heirs and His Ancestors The Poetry of Search and the Poetry of Statement Volume 3: On Dante and Other Writers

Uutgjevne verk Smith & Smith Removals

Omsetjingar til norsk Norsk tittelUtgittOmsetjarOriginaltittelUtgittGiftmordet1933Ola ThommessenStrong Poison1930Lord Peter og «Giftpennen»1948Mimi Sverdrup LundenGaudy Night1935Lord Peter på Pym1948Mimi Sverdrup LundenMurder Must Advertise1933Lord Peters sjette sans1949Mimi Sverdrup LundenUnnatural Death1927En sky av vitner1975Bjørn CarlingClouds of Witness1926Ubehagelig episode i Bellona-klubben1978Per A. HartunThe Unpleasantness at the Bellona Club1928Dødsklokkene2005Rune LarsstuvoldThe Nine Tailors1934

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Dorothy L. Sayers» frå , og «Dorothy L. Sayers» frå den 24. april 2023. Delar av denne artikkelen bygger på «Dorothy L. Sayers» frå , den 24. april 2023.

Kategori:Britiske kriminalforfattarar Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Britiske forfattarar frå 1900-talet