«Crazy» er ein song av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith og skriven av Steven Tyler, Joe Perry og Desmond Child. Det var den siste singelen frå det suksessrike albumet deira frå 1993, Get a Grip, gjeven ut i mai 1994. «Crazy» nådde 17. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100, tredjeplassen i Canada, og låg to veker på toppen av singellista på Island. I Finland og Storbritannia vart han gjeven ut som ei dobbel A-side med «Blind Man», og nådde åttandeplassen i førstnemnde land og 23. plassen i sistnemnde.

Komposisjon Songen er sett i A-dur og følgjer taktarten 6/8. Han vart skriven tidlegare, omtrent på same tid som «Angel», men bandet følte at dei måtte «spreia balladane sine for å behalda rockeimaget sitt.»

Musikkvideo Musikkvideoen vart regissert av Marty Callner og fekk tung rotasjon på MTV. Det var ein av dei mest etterspurde videoane i 1994. Han inneheldt den tredje framferda til Alicia Silverstone i videoane til bandet, og var karrieredebuten til Steven si då 16 år gamle dotter, Liv Tyler. Avgjerda om å bruka Liv i videoen til «Crazy» var basert på at skaparane til videoen hadde sett henne i ein Pantene-reklame. «Eg forstår kvifor folk kan ha eit problem med innhaldet i videoen,» sa ho. «Men eg har ikkje noko problem med det, og Steven har ikkje noko problem med det. Og viss andre har eit problem med det, er det deira problem.»

Den filmliknande videoen skildrar Silverstone og Tyler som skulejenter som skulkar skulen og stikk av i ein svart Ford Mustang GT kabriolet frå 1993 på ein måte som liknar på filmen Thelma & Louise frå 1991. Dei to bruker den gode utsjånaden sin til å utnytta ein bensinstasjonsbetjent og, når dei treng pengar, delta i ein amatørkonkurranse i poledancing. Videoen er redigert for å visa likskapane i scenerørslene til Steven Tyler og dottera Liv. Jentene vinn dansekonkurransen, og overnattar deretter på eit motell. Dei held fram køyreturen dagen etter, der dei møter ein ung, sveitt og skjortelaus bonde (spelt av modellen Dean Kelly) på ein traktor som pløyer jord på landsbygda. Dei overtaler han til å bli med på reisa, der dei alle badar nakne i ein innsjø. Jentene stikk av med kleda hans og forlèt han ved innsjøen. Naken spring han etter dei og blir med dei tilbake i kabrioleten. Dei siste sekunda av videoen viser ordet «Crazy» stava i kursiv på åkeren ved den framleis køyrande traktoren medan bonden spring mot han og jentene køyrer av garde.

Jason London gjer ein kort cameo på slutten i ein, og gjentek karakteren sin frå «Amazing»-videoen.

Regissørversjonen Ein lengre director's cut av videoen finst på samlinga Big Ones You Can Look At. Denne versjonen inneheld nokre fleire provoserande klipp, og ein lengre, meir vågal versjon av poledance-konkurransescenen. Han fjernar òg scena der jentene forlèt bonden etter å ha bada naken med han. Begge versjonane av videoen inkluderer ein ekstra reprise av refrenget som ikkje er med på albumet og radioversjonane.Pop-Up Video (VH-1): Sesong 2/Episode 12; 14. mars 1998

Prisar Songen gav bandet ein Grammypris for beste rockesong av ein duo eller gruppe med vokal i 1994. Dette var den andre Grammy-sigeren for Get a Grip og den tredje totalt. Videoen for «Crazy» vart rangert på 23. plassen på lista til VH1 over dei 100 beste musikkvideoane gjennom tidene.

Innhald

Salslister

Vekeslister Liste (1994–2011)PlasseringEurope (Eurochart Hot 100)47Finland (Suomen virallinen lista)8Iceland (Íslenski Listinn Topp 40)1Poland (Polish Airplay New)5

Årslister Liste (1994)PlasseringCanada Top Singles (RPM)30Iceland (Íslenski Listinn Topp 40)23US Billboard Hot 10068

Salstrofé

Ettermæle Songen dukka opp på fleire samlingar, mellom anna Big Ones, A Little South of Sanity, O, Yeah! Ultimate Aerosmith Hits og Devil's Got a New Disguise'''. Sjølv om han gav mykje suksess for bandet på midten av 1990-talet, framførte Aerosmith sjeldan songen på turné før han vart lagt til internasjonale show på verdsturneen deira i 2007 på grunn av overveldande etterspurnad frå fansen. Han vart spelt i Glee av Jacob Artist og Melissa Benoist, blanda i lag med Britney Spears sin «(You Drive Me) Crazy».

KjelderDenne artikkelen bygger på «Crazy (Aerosmith song)» frå , den 15. mai 2023. oppgav desse kjeldene:''  

Kategori:Aerosmith-songar Kategori:Balladar frå 1990-åra Kategori:Songar frå 1993 Kategori:Singlar frå 1994 Kategori:Geffen Records-singlar Kategori:Glam metal-balladar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Marty Callner Kategori:Nummer-ein-singlar i Island Kategori:Songar produserte av Bruce Fairbairn Kategori:Songar skrivne av Desmond Child Kategori:Songar skrivne av Joe Perry Kategori:Songar skrivne av Steven Tyler