Bjørkefamilien er ein plantefamilie som omfattar seks slekter med lauvfellande tre og buskar. Blada sit spreitt og er som regel dobbeltanna. Hann- og hoblomane sit kvar for seg i blomestandar kalla raklar, men alle plantar har blomar av begge kjønn (sambu). Pollineringa skjer med vinden.

venstre|mini|Hannraklar hos grønor mini|Utbreiinga til bjørkefamilien

Familien er hovudsakleg utbreidd i tempererte strøk på den nordlege halvkula, men finst sørover til Andesfjellene og Sumatra. Artane er fordelte på to underfamiliar, som av og til blir rekna som sjølvstendige familiar: Betuloideae med bjørk og or, og Coryloideae med hassel, agnbøk, humlebøk og Ostryopsis.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bjørkefamilien» frå , den 16. mai 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Bjørkefamilien