Rebecca Gablé () er ein tysk forfattar av historiske romanar. Ho er best kjend for riddarromanar sett i mellomalderen. Ho verker også som omsetjar frå engelsk.
Liv og virke Etter å ha gått ut av skulen byrja ho i 1984 på ein eittårig lærlingsperiode som bankassistent. Ho arbeidde totalt fire år i bank. På denne tida budde ho nær ein militærbase nytta av britiske Royal Air Force, og kom i kontakt med personellet der. Det gav henne ei intens interesse for engelsk språk og kultur, noko som stadig er tydeleg i dei litterære verka hennar. Det kommersielle gjennombrotet hennar kom i 1997 med den fyrste historiske romanen hennar Das Lächeln der Fortuna, som det blei selt 200 000 eksemplar av i det fyrste året etter utgjevinga. I 1991 byrja ho studera litteraturvitskap og mellomalderstudiar ved Heinrich-Heine-Universität Düsseldorf, og tok magistergrad i 1996. Frå 1999 til 2000 hadde ho ei lærarstilling her innan gammalengelsk litteratur. I 2000 gav ho ut Das zweite Königreich, også ein historisk roman. Sidan det har ho hatt fleire bestseljarar i same sjanger. I tillegg til ein serie om den oppdikta Waringham-familien, som er tett knytt til det engelske kongehuset i mellomalderen og tidleg moderne tid, har Gablé skrive andre romanar som går føre seg i mellomalderen.Rebecca Gablé – Saga ohne Ende
Verk
Detektivromanar Jagdfieber, 1995 Die Farben des Chamäleons, 1996 Das letzte Allegretto, 1998 Das Floriansprinzip, 1999 Waringham-serien Das Lächeln der Fortuna, 1997 Die Hüter der Rose, 2005 Das Spiel der Könige, 2007 Der dunkle Thron, 2011 Der Palast der Meere, 2015 Teufelskrone, 2019 Drachenbanner, 2022 Helmsby-serien Das Zweite Königreich, 2000 Hiobs Brüder, 2009 Otto den store-serien Das Haupt der Welt, 2013 Die fremde Königin, 2017 Andre historiske romanar Der König der purpurnen Stadt, 2002 (with slight references to Waringham series) Andre bøker Von Ratlosen und Löwenherzen, 2008 (popular science book about the English Middle Ages)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rebecca Gablé» frå , den 20. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 2000-talet Kategori:Forfattarar frå 1900-talet