Erlend Svardal Bøe () er ein politikar frå Florø som sidan 2021 har representert valkrinsen Troms og partiet Høgre på Stortinget.
Karriere Etter å ha fullført vidaregåande skule i heimbyen, flytta Bøe nordover i landet og studerte statsvitskap ved Universitetet i Tromsø. Frå februar 2015 til januar 2017 var han generalsekretær i Unge Høgre. Hausten 2015 fekk Bøe plass i Tromsø bystyre og vart då vald til leiar av Høgre si gruppe i bystyret. I 2019 gjorde Høgre eit heller svakt kommuneval, Bøe tok deretter på seg å halde fram som gruppeleiar.
Ved stortingsvalet 2021 var Bøe Troms Høgre sin fyrstekandidat. Han fekk då fylket sitt fjerdemandat og tok sete på Stortinget. På Stortinget er han medlem i Helse og omsorgskomiteen.
Kjelder
iTromsø 26. september 2019
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Folk frå Flora