Nordra Kjerringa er ei lita øy nordvest i Austrheim kommune i Vestland. Øya er veglaus og utan fast busetjing. I 1933 bygde Austrheim kommune eit skulehus på Nordra Kjerringa, med lærarbustad i 1936. Det budde ingen på øya frå før, så alle elevane måtte i båt til skulen. Skulen heitte først Øygarden skule og skifta namn til Rongevær skule i 1986. I 1989 vart han lagt ned.

Kjelder

Arvid Skogseth, Austrheim i fortid og notid, bd. 3 (Austrheim kommune, 2006)

Kategori:Øyar i Austrheim