Domingos Silva Castro () er ein portugisisk tidlegare langdistanseløpar frå Guimarães. Han vann sølvmedaljen på 5 000 meter under VM i friidrett 1987 i Roma.

Castro vart femtemann på 10 000 meter ved EM i friidrett 1986. Året etter kneip han sølvmedaljen på 5 000 m i verdsmeisterskapen, marokkanske Saïd Aouita vann klart. I OL-finalen 1998 sette Castro personbeste 13.16,0, men måtte nøye seg med fjerdeplassen. Sommaren 1989 sprang han livsbeste 13.14,4 i eit stemne i Brussel. Sidan vart han nummer 5 på same distansen under VM 1991 i Tokyo. To år seinare sprang han i Stockholm sitt livs raskaste milløp på tida 27.34,5.

Castro sigra i Paris maraton 1995 på 2.10.06, og i Rotterdam maraton 1997, det siste på 2.07.51, bestetida hans. Han kom deretter på sjetteplass på 10 000 m i Friidretts-VM 1997 i Aten.

Kjelder

Domingos CASTRO | Profile | World Athletics Denne artikkelen bygger på «Domingos Castro» frå , den 15. august 2023.

Kategori:Portugisiske langdistanseløparar Kategori:Portugisiske maratonløparar Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1987