Tolløy er ei øy i Tysnes kommune i Vestland, mellom Tysnesøya og Skorpo. Ho er veglaus og utan fast busetjing.
Frå 1891 til 1908 var det ein husmannsplass på øya. Ved folketeljinga i 1900 budde det åtte personar her.Folketeljing 1900 for Tysnes herred, frå Digitalarkivet Då øya vart fråflytta i 1908, vart husa rivne.
Kjelder
Ernst Berge Drange, Tysnes - Gards- og ættesoge 4 (Tysnes sogelag, 1991)
Kategori:Øyar i Tysnes