Alison Brendom Alves dos Santos () er ein brasiliansk friidrettsutøvar som i 2022 vart verdsmeister på 400 meter hekk under VM i friidrett 2022 i Eugene, året etter han vann OL-bronsen i øvinga.

Karriere Santos sette personleg rekord med 48,28 sekund då han vart sjuandemann i VM-finalen 2019 i Doha. Stor framgang i 2021-sesongen toppa seg med eit løp på 46,72 sekund og bronsemedalje i OL-finalen i Tokyo, der Karsten Warholm sette verdsrekord med 45,94. Under verdsmeisterskapen i Eugene i juli 2022 forbetra Santos sin søramerikanske rekord til 46,29 sekund, den tredje aller beste tida i øvinga sikra han gullmedaljen, framom Rai Benjamin. Ved sesongslutt stod Santos att som vinnar av 400 meter hekk Diamantserien. I VM i friidrett 2023 enda han på femteplassen på langhekken.

Kjelder

World Athletics Denne artikkelen bygger på «Alison dos Santos» frå , den 11. september 2023.

Kategori:Hekkeløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Brasil Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Brasil Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023