thumb|Ein brennande fakkel. mini|Moderne fakkel nytta til eldsluking.
Ein fakkel er ei eld- og lyskjelde laga av ein stav med brennbart materiale i eine enden. Dette kan til dømes vera trefliser, tynne stikker eller bast, og materialet kan ofte vera innsett med til dømes bek, tjøre eller petroleum for å brenna betre. Faklar er blitt nytta til opplysing, opptog, rituale og som symbol frå gammal tid. I moderne tid er dei ikkje i dagleg bruk, men kan nyttast seremonielt, mellom anna i demonstrasjonar og til å tenna bål som den olympiske elden. Faklar kan også brukast til eldsluking og sjonglering.
Fakkel som symbol Mange gudar i antikken blei viste med faklar i hendene. Dette gjaldt særleg gudar som var knytte til kjærleik og fruktbarheit.
I det gamle Hellas blei det halde fakkelløp, lampadedromia, der ein frakta eld frå eit altar til eit anna så raskt som mogleg, i nokre høve til hest.
Fakkelen er blitt nytta som teikn på opplysing og fridom, blant anna av Fridomsgudinna i New York.
Sjå òg Fakkeltog Fyrverkeri
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Fakkel» frå , den 21. september 2023.
Kategori:Lyskjelder Kategori:Eld