Venio Losert () er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Zavidovići. Han vart olympisk meister med Kroatia sitt landslag både under sommarleikane 1996 i Atlanta og 2004 i Athen. Han var målvakt.

Karriere Landslagsspel 19 år gammal var Losert med då Kroatia i 1995 nådde finalen i verdsmeisterskapen på Island. Året etter sigra han og laget i handballturneringa ved dei olympiske leikane i Atlanta. Åtte år seinare vann han eit nytt OL-gull i Athen, Sidan var Losert med på å ta VM-sølv i 2005 og 2009, og OL-bronse i 2012. I tida frå 1995 til 2014 deltok han i 221 landskampar.

Klubbspel Losert spelte på RK Zagreb då laget vann den kroatiske seriemeisterskapen og cupmeisterskapen åra frå 1994 til 1999. Perioden 1995-99 tok laget seg fire gongar til finalen i meisterligaen, alle enda med tap. Frå 1999 til 2009 var han aktiv i den spanske handballserien, fordelt på seks ulike lag. Lengst tid hadde han i Granollers, 2001-04, og i FC Barcelona, 2006-09. Størst suksess fekk han med Portland San Antonio der han vart seriemeister i 2005, og i Barcelona der han vann kongepokalen i 2007 og 2009. Frå desember 2009 gjorde Losert etter tur teneste i franske Créteil, spanske Ademar León og danske Kolding IF. I november 2012 flytta han til polske KS Kielce. Med Kielce vann han den polske serien og cupen i såvel 2013 som i 2014.

Merittar Handball-VM 1995 for menn: Sølvmedalje, tap mot Frankrike Handball-EM 1996 for menn: Nr 5 Sommar-OL 1996: Gullmedalje, siger mot Sverige Handball-VM 2001 for menn: Nr 9 Handball-EM 1998 for menn: Nr 8 Handball-VM 1999 for menn: Nr 10 Handball-EM 2000 for menn: Nr 6 Handball-VM 2001 for menn: Nr 9 Sommar-OL 2004: Gullmedalje, siger mot Tyskland Handball-VM 2005 for menn: Sølvmedalje, tap mot Spania Handball-EM 2006 for menn: Nr 4 Handball-VM 2007 for menn: Nr 5 Sommar-OL 2008: Nr 4 Handball-VM 2009 for menn: Sølvmedalje, tap mot Frankrike Handball-EM 2012 for menn: Bronsemedalje Sommar-OL 2012: Bronsemedalje Handball-EM 2014 for menn: Nr 4 Kroatisk seriemeister: 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999 for RK Zagreb Kroatisk cupmeister: 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999 for RK Zagreb Spansk seriemeister: 2005 for Portland San Antonio Spansk cupmeister: 2007 for FC Barcelona Polsk seriemeister: 2013 og 2014 for KS Kielce Polsk cupmeister: 2013 og 2014 for KS Kielce Finalist i EHF-meisterligaen: 1995 (tap mot Bidasoa), 1997, 1998, 1999 (tap mot Barcelona)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Venio Losert» frå , den 10. oktober 2023. Denne artikkelen bygger på «Venio Losert» frå , den 10. oktober 2023.

Kategori:Kroatiske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Kroatia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kroatia Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2004 Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012