Hessa eller Heissa er ei av øyane i Ålesund kommune. Ho er den vestlegaste øya og er forma som ein tøffel. Øya har tre tettstader, Skarbøvik, Sævollen og Slinningen. Skarbøvika tilhøyrde Ålesund kommune også før samanslåinga med nabokommunen Borgund i 1968, og har såleis ein meir byliknande struktur enn resten av øya. På Tueneset, i nærleiken av Skarbøvika, ligg også Ålesund Akvarium, Atlanterhavsparken. På øya er det ein barneskule og i Skarbøvika ligg ungdomsskulen som dekkjer heile Heissøya. Skarbøvik kyrkje er soknekyrkje frå 1995 reist i murstein. Øya har eige fotballag, Skarbøvik Idrettsforening med tilhøyrande stadion.
Midt på øya ligg den bratte åsen Sukkertoppen som blir mykje bruka til turgåing og klatring.
Hessa er heimen til Brita Blomquist, ein kjend programleiar i NRK Radio.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Borgund prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Borgund herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 178 418 3545 4062
Kjelder
Kategori:Øyar i Ålesund