Langobardisk er eit utdøydd vestgermansk språk. Det vart snakka av langobardane, dei tysktalande nybyggjarane i Italia på 500-talet. Frå 600-talet vart språket brukt mindre og mindre, men mykje tydar på at det kan ha vore i bruk heilt fram til rundt år 1000.

Språket er berre bevart i fragment, hovudsakleg som sitat av enkeltord i latinske tekstar. Ein del finst i latiniserte runeinnskrifter og i transkripsjonar påverka av gammalhøgtysk ortografi. Dette «langobardiske alfabetet» inneheld desse grafema:

a, b, c, d, e, f, g, h, i, j, k, l, m, n, o, p, q(u), r, s, ʒ, t, þ, u, w, z

der qu svarar til ein [kw]-lyd, ʒ er [s], z er [ts] og h er [h] i starten av ord og [x] andre stader.

Primærkjelder Nokre av dei langobardiske primærkjeldene er:

Ei amuletteske av bronse frå grava til ei rik kvinne frå rundt år 600. På lokket: 15x15px|a 15x15px|r 15x15px|o 15x15px|g 15x15px|is 15x15px|d Transkripsjon: arogisd. Arogisd/Arogist/Arogast var eit namn, truleg det til runeskrivaren.

På undersida: 15x15px|a 15x15px|l 15x15px|a 15x15px|g 15x15px|u 15x15px|th,þ 15x15px|l 15x15px|e 15x15px|u 15x15px|b 15x15px|a : 15x15px|d 15x15px|e 15x15px|d 15x15px|u 15x15px|n Transkripsjon: alaguþleuba : dedun. "Alaguth (og) Leuba laga (den)"J.H. Looijenga, Runes Around The North Sea And On The Continent Ad 150-700, PhD diss. Groningen 1997, p. 158. Download PDF, Alaguth og Leuba er to jentenamn, dedun, 'dei laga' som gammalhøgtysk tuon.

To sølvhårspenner frå ei kvinnegrav frå Pallersdorf i Ungarn, datert til rundt midten av 500-talet:

Spenne A: 15x15px|g 15x15px|o 15x15px|d 15x15px|a 15x15px|hi 15x15px|d : 15x15px|u 15x15px|n 15x15px|j Transkripsjon: godahid unj[a] = "(Til) Godahi(l)d (med) glede(?)"

Spenne B: 15x15px|a 15x15px|r 15x15px|s 15x15px|i 15x15px|b 15x15px|o 15x15px|d 15x15px|a : 15x15px|s 15x15px|e 15x15px|g 15x15px|u 15x15px|n Transkripsjon: (k?)arsiboda segun = " Arsibodas signing(?)".

Sverdet frå Pernik, eit sverd funne i det vestlege Bulgaria som kan ha den eldste kjende teksten på langobardisk. HININIhVILPIDHINIhVILPN (= "IH INI NI HUIL PID -- (I)H INI HUIL PN"). I 2005 offentleggjorde ei gruppe bulgarske forskarar si tolking av teksten: «Eg venter ikkje på æva, eg er æva»/«Eg ventar ikkje på tida, eg er Tida».

Det finst også ei rekkje latinske tekstar som inneheld langobardiske namn og lovomgrep. Dette er mellom anna: Origo gentis Langobardorum Paulus Diaconus, Historia gentis Langobardorum Historia Langobardorum codicis Gothani Edictum Rothari

Bakgrunnsstoff Sources of Lombard history (engelsk) ved oeaw.ac.at

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Langobardisk (sprog)» frå , den 5. juli 2013. oppgav desse kjeldene: Adolf Bach, Geschichte der deutschen Sprache, 8th edn, (Heidelberg 1961) Claus Jürgen Hutterer, Die Germanischen Sprachen, Wiesbaden (1999), 336–341. J.M. Wallace-Hadrill, The Barbarian West 400-1100, 3rd edn (London 1969), Ch. 3, "Italy and the Lombards" Nicoletta Francovich Onesti, Vestigia longobarde in Italia (468-774). Lessico e antroponimia, 2nd edn (Roma 2000, Artemide ed.)

Kategori:Utdøydde språk i Europa Kategori:Vestgermanske språk Kategori:Langobardar Kategori:Einskildspråk