Ingvild Kristiansen Bakkerud () er ein norsk handballspelar frå Kongsberg som sidan 2020 er aktiv for det danske laget Ikast. Ho vann VM-sølv med Noregs landslag under verdsmeisterskapen 2023 i Danmark. Bakkerud er venstre rykkromspelar.
Karriere Landslagsspel Tida frå 2018 til 2023 deltok Bakkerud i 49 av Noregs landskampar, skåra 82 mål. Ho fekk sin meisterskapdebut i 2019, men måtte vente fire år før ho atter fekk vere med i ein internasjonal meisterskap. I VM-finalen 2023 skåra ho 2 mål då Noreg tapte mot Frankrike i danske Herning.
Klubbspel Bakkerud spelte på heimlege Skrim frå 2010 til 2018. Ho var deretter Odense-spelar i to sesongar. Frå sommaren 2020 er ho ein sentral spelar for Ikast, eit av topplaga i dansk kvinnehanball. Bakkerud skåra 8 mål då Ikast vann finalen i EHF-europaserien 2023 med 31 mål mot Nykøbing sine 24 fulltreffarar.
Merittar VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark VM 2025: Gullmedalje etter 23–20 mot Tyskland Vinnar av EHF-europaserien: 2023 for Ikast
Kjelder
Totaloversikt for Bakkerud, Ingvild. handball.no : Statistikk, Landskamper. Vitja 18. desember 2023. Denne artikkelen bygger på «Ingvild Bakkerud» frå , den 18. desember 2023.
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Kongsberg