mini|Den sigersrike Robert Bruce, statue i nærleiken av slottet i Stirling. Robert I av Skottland, eller Robert Bruce () var konge av Skottland i tida 1306–1329.
Robert Bruce var ein av dei mest berømte krigarane i sin generasjon, og leia Skottland gjennom den skotske frigjeringskrigen mot England. Kravet hans til krona var å vera tipp-tipp-tipp-oldebarn til kong David I av Skottland. Robert Bruce blir rekna som ein av dei store kongane i skotsk historie, ein heltekonge som sigra over England i det berømte slaget ved Bannockburn. Det finst minnesmerke over Robert Bruce over heile Skottland, og portrettet av han er på pengesetlane i landet.
Bakgrunn Robert Bruce, som var av normannarslekt, var fødd som eldstesonen til Robert Bruce, 6. lord av Annandale, og Marjorie av Carrick, 3. grevinne av Carrick, som var dotter av Niall, 2. jarl av Carrick. Mor hans var etter alle mål ei formidabel kvinne som etter det som blir sagt, heldt far til Robert Bruce i fangenskap til han gjekk med på å gifta seg med henne.
Frå mor si arva Robert Bruce det gæliske jarledømet Carrick, og frå far sin ein kongeleg arverett til den skotske trona.
Sjølv om fødselsåret hans er kjent er fødestaden mindre sikker. Det var truleg Turnberry Castle i Ayrshire, men Lochmaben i Dumfriesshire er også blitt nemnt.
Robert Bruce såg utfallet av «Den store saka» (The Great Cause) i 1292 som svært urettferdig ved at den skotske krona blei gitt til den største rivalen til Bruce-familie, John Balliol. I hans auge hindra det hans eigen familie i å innta den rettmessige plassen sin på trona. Bruce-familien si tilknyting til det skotske kongehuset var som følgjer:
David I av Skottland (tipp-tipp-tippoldefar) Henry av Skottland, 3 jarl av Huntingdon (tipp-tippoldefar) David av Skottland, 8 jarl av Huntingdon (tippoldefar) Isobel av Huntingdon (oldemor) Robert Bruce, 5 lord av Annandale (farfar) Robert Bruce, jarl av Carrick (far) Robert I av Skottland
I 1295 gifta Robert Bruce seg med den fyrste kona si, Isabella av Mar, som var dotter av Donald, 6. jarl av Mar. Isabella døydde innan eit år, etter å ha fødd det einaste barnet deira, Marjorie Bruce. Marjorie blei seinare gift med Walter Stewart, 6. High Steward av Skottland, og fødde den framtidige kongen Robert II av Skottland.
Byrjinga på den skotske frigjeringskrigen I august 1296 hadde Robert Bruce og far hans svore lojalitet til Edvard I av England ved Berwick, og eiden blei gjeven på nytt ved Carlisle. Den unge Bruce braut eiden då han deltok i det skotske opprøret året etter. Sommaren 1297 blei det sendt eit hastebrev til Bruce som gav han ordre om å undergje seg kommandoen til Edvard sin avløysar John de Warenne, 7. jarl av Surrey, men i staden for å retta seg etter dette, herja Bruce og soldatane hans landområda som Edvard kontrollerte.
7. juli blei Bruce og tilhengjarane hans tvinga til gå med på ein traktat som er blitt kjend som «Kapitulasjonen ved Irvine». Konklusjonen var at den skotske adelen ikkje skulle vera nøydd til å delta i engelsk krigføring på kontinentet, og dei fekk også nåde for det valdelege opprøret sitt. Samtidig måtte dei atter sverja dyrt og heilagt på å vera tru mot den engelske trona. For å vera sikker på at eiden blei overhalden kravde kong Edvard det einaste barnet til Robert Bruce som gissel, og ho blei gjeven til James Stewart, biskop av Glasgow, og sir Alexander Lindsay som garanti inntil vidare.
På skotsk side Kort tid etter slaget ved Stirling Bridge verka det som om Robert Bruce nok ein gong var på sida til landsmennene sine. Annandale var blitt herja, og Bruce brann deretter den engelskkontrollerte festninga Ayr ned til grunnen. Då Edvard I vende tilbake til England etter å ha sigra i slaget ved Falkirk, blei eigedommane til Bruce-familien ved Annandale og Carrick gitt til Edvard sine tilhengjarar.
Etter nederlaget ved Falkirk gjekk William Wallace av som Vaktar av Skottland, og blei etterfølgd av Robert Bruce og John Comyn, som delte vervet. Vaktarane var rivalar, og hadde vanskar med å samarbeida. John Comyn, som ofte blir kalla for «Raude Comyn» for å skilja han frå faren, kjend som «Svarte Comyn», var tilhengjar av John Balliol, og inngifta i Balliol-familien. I 1288 blei William Lamberton, biskopen av St. Andrews, peika ut til å vera den tredje Vaktaren av Skottland for å opptre som nøytral og halda fred mellom Bruce og Comyn. Året etter forlét Bruce stillilnga som vaktar, og blei etterfølgd av sir Ingram de Umfraville. I mai 1301 gjekk også de Umfraville, John Comyn og William Lamberton av som felles vaktarar, og blei etterfølgde av sir John de Soulis, som hadde stillinga åleine. Soulis blei hovudsakleg vald fordi han ikkje var part i striden mellom familiane Bruce og Comyn. Han gjorde fornya innsats for å få John Balliol tilbake på den skotske trona.
På engelsk side I juli byrja Edvard I av England det sjette felttoget sitt i Skottland. Sjølv om han erobra Bothwell og festninga Turnberry Castle, klarte han ikkje å svekkja motstandsevna til skottane i vesentleg grad. I januar 1302 blei partane einige om våpenkvile i ni månader. Det var på denne tida at Robert Bruce gav seg inn under Edvard I, saman med andre adelsmenn, sjølv om han hadde vore på parti med patriotane. Det er mange grunnar til at han skifta side. Ein av grunnane kan ha vore at Bruce fann det avskyeleg og hensiktslaust å sjå tilhengjarane sine, familie og arv bli ofra til fordel for John Balliol.
Det gjekk også rykte om at Balliol ville koma tilbake til Skottland med ein fransk hærstyrke og innta den skotske trona att. Soulis støtta Balliol, og det same gjorde mange andre adelsmenn, men for Bruce og andre betydde det at dei ville mista alle sjansane til å sikra seg trona for seg sjølv. I tillegg var far til Robert Bruce gammal og sjuk, og ønskte kanskje at sonen skulle søkja fred med Edvard I, ettersom han var overtydd om England til slutt ville sigra over skottane. Om opprøret feila og sonen hans var på feil side, ville han mista alt; titlar, landområde og truleg også livet. På dette tidspunktet ville Edvard også treng skotske adelsmenn som Bruce som allierte, ikkje som fiendar. Edvard I av England var trua både av å bli lyst i bann av paven og av den overhengande trusselen om ein fransk invasjon.
Giftarmål Robert Bruce gifta seg med den andre kona si, Elizabeth de Burgh, dette året. Ho var dotter av Richard Og de Burgh, 2. jarl av Ulster. Med Elizabeth fekk han fire barn: David II, John, Matilda, og Margaret (som blei gift med William, jarl av Sutherland).
Ny engelsk invasjon I 1303 invaderte Edvard I av England nok ein gong Skottland, og nådde Edinburgh før han marsjerte til Perth. John Comyn den raude, som igjen gjorde teneste som Vaktar, hadde ikkje noko håp om å overvinna den mektige engelske hæren. Edvard blei verande i Perth til juli før han heldt fram til Dundee, opp austkysten til Montrose og Brechin, og vidare til Aberdeen som han nådde i august. Derfrå marsjerte han gjennom området Moray før han heldt fram til Badenoch, og følgde deretter same veg tilbake sørover, til han kom til Dunfermline.
Med Skottland effektivt undertrykt overgav alle dei leiande skottane seg til Edvard i februar 1304, bortsett frå William Wallace. Vilkåra for overgjeving blei forhandla fram av John Comyn; dei skotske lovene og fridommane deira skulle halda fram med å vere som dei hadde vore under Aleksander III av Skottland.
Hemmeleg pakt Den 11. juni 1304, etter å ha vore vitne til den tapre innsatsen til skottane då Edvard sigra ved slaget ved Stirling Castle, inngjekk Robert Bruce og William Lamberton ei hemmeleg pakt med kvarandre i «vennskap og allianse mot alle menn». Pakta bestod av eit samarbeid for å få Bruce til å bli den neste kongen i Skottland. Om ein av dei braut pakta skulle han skylda den andre ein sum på 10 000 pund. Sjølv om begge hadde overgitt seg til engelskmennene, var pakta eit bevis på den djupe patriotismen deira og forpliktinga til å verna om Skottland og skotsk fridom. Dei var no fast bestemde på å prøva å oppfylla pakta fram til den aldrande engelske kongen døydde.
No som Skottland var forsvarslaust ville Edvard I gjera landet til ein del av England. Den skotske adelen hadde igjen hylla han, og det var blitt etablert eit styre som valde ut dei som seinare same året skulle møta det engelske parlamentet for å etablera reglar for styret av Skottland. Sjølv om skottane som deltok så var det engelskmenn som hadde den verkelege makta. Jarlen av Richmond, neøen til Edvard, var den som blei utpeika til å leia den underordna regjeringa av Skottland.
Medan dette skjedde blei William Wallace endeleg teken til fange i nærleiken av Glasgow og brutalt avretta den 23. august 1305. Edvard I trudde han var kvitt ein plagsam opprørar ein gong for alle, men i staden gjorde han Wallace til ein martyr, ein ‘større-enn-livet' nasjonalhelt for skottane. I staden for å avgjera «det skotske spørsmålet» ein gong for alle hadde Edvard skapt ein uforsonleg fiendskap som ville plaga han resten av livet.
Husarrest og kroning I september 1305 hadde Edvard gjeve ordre om å setja Robert Bruce, som jarl av Carrick og no også som 7 lord av Annandale, i husarrest ved Kildrummy Castle, for «å halda på han til han er villig å svara for seg», noko som tydde på at Edvard mistenkte at Bruce ikkje var heilt til å stola på og kanskje konspirerte bak ryggen hans. Bruce, som hadde manøvrert både fram og tilbake mellom skotsk og engelsk lojalitet, var effektivt blitt gjort makteslaus. John Comyn betalte derimot ei bot til den engelske kongen og heldt på rørslefridommen sin, eigedommane sine og den store politiske makta si. At Edvard I ikkje viste noko teikn til å påskjønna Bruce var kanskje den viktigaste grunnen til at han kom til å satsa alt på å bli den neste kongen til skottane.
Bruce kontakta Comyn og sa at den beste måten til å hindra framtidige vanskar, gjeninnføra dei tapte privilegia til adelen, og dei frie rettane til skottane, var å finna ei semje med kvarandre. Han gav eit val mellom to moglegheiter. Om Comyn skulle regjera Skottland, skulle Bruce overta alle eigedommane hans som kompensasjon, og i motsett fall, om Bruce blei konge, skulle Comyn overta landområda til Bruce som kompensasjon. Av ukjende grunnar, kanskje for å øydeleggja for rivalen sin, avslørte Comyn konspirasjonen for Edvard I. Robert Bruce, som på denne tida var ved det engelske hoffet, måtte flykta hals over hovud til Skottland.
For Robert Bruce var ikkje Comyn berre ein brysam rival, han var også eit hinder for at Bruce kunne nå måla sine. Den 10. februar 1306 sende han dei to brørne sine, Thomas og Nigel, frå festninga i Lochmaben til Comyn si festning i Dalswinton, berre rundt 15 km unna, for å be han møta seg i Dumfriers for å diskutera den tidlegare samtalen deira. Bruce møtte Comyn i Greyfriars-kyrkja. I løpet av samtalen steig aggresjonen mellom dei to mennene.
Seinare herja og brann Bruce hensynslaust i landområda i Buchan, og utraderte Comyn-familien der. Då den einaste sonen til Raude Comyn døydde i slaget ved Bannockburn, medan han kjempa på engelsk side, var familien knust, titlane deira var tapte og festninga Slains Castle nord for Aberdeen gjeven vidare til Hays-klanen av Errol (som var fjerne slektningar av Comyn) som løn for støtta deira til Bruce. Mange skottar var og er framleis opprørte over mordet, og reknar John Comyn som ein martyr. Pave Klemens V bannlyste Robert Bruce for denne handlinga, særleg ettersom ho hadde funne stad i ei kyrkje.