Robert Browning () var ein britisk diktar som er kjend for diktsamlingane sine av dramatisk lyrikk, som The Ring and the Book.
Liv Robert Browning var fødd i Camberwell i London som son av Robert Browning Sr og Sarah Anna Wiedemann. Faren hadde vore nokre år i ungdommen på Saint Kitts i Karibia, og fekk avsmak for korleis plantasjeeigarane behandla slavane der. Han drøymde om å bli kunstnar, men blei i staden ein vanleg kontorarbeidar ved Bank of England. Mor hans var av skotsk-tysk opphav og elska kunst, musikk og hagearbeid.
Allereie som barn var Browning svært lærelysten, samtidig som han elska friluftsliv og i tjueårsalderen var litt av ein dandy. Han var inspirert av både Shelley og av den tyske Sturm und Drang-rørsla.
Far hans hadde stor forståing for den litterære interessa til sonen, og betalte for dei fyrste utgjevingane hans, som Pauline (1830.). I 1840 kom Sordello ut, men ingen forstod kva verket handla om.
Familie mini|Portrett av Elizabeth Barrett Browning og Robert Browning. Måleri av Thomas B. Read (1822 - 1872.) Han blei interessert i dikta til Elizabeth Barrett Browning, og byrja ei livleg brevveksling med henne. Han møtte henne for fyrste gong i mai 1845. Far hennar var tyrannisk, og tykte ikkje noko om at døtrene hans hadde beundrarar. Som følgje gifta dei to seg i all løyndom i august 1846, og flykta sidan til Italia. Dei busette seg i Firenze, og hadde eit uvanleg lykkeleg ekteskap, som inspirerte han til fleire lovprisa diktsamlingar. Sonen deira, Robert, blei fødd 1849
Kona døydde i armane hans i juni 1861, og Browning fann det sidan uuthaldeleg å bli verande i Italia, der dei hadde hatt så mange lykkelege stunder saman. Han vende tilbake til London med sonen, og blei ein populær person i selskapslivet. Han budde heime hjå den gamle faren sin, og seinare, etter at faren var død i 1866, i lag med systera si.
Seinare år I alderdommen vende han tilbake til Italia og slo seg ned i Venezia, der han budde i huset til sonen. Browning døydde der i desember 1889.
Robert Browning er gravlagd i Westminster Abbey i London.
Forfattarskap Dei fyrste publiserte diktsamlingane til Browning vekte inga merksemd. Men frå 1841 til 1846 gav han ut Bells and Pomegranates (‘Klokker og granateple’), og fekk gjennom dette verket ei stille som etablert poet. I Firenze arbeidde han med diktsamlinga Men and Women, som seinare gjorde han prisa. Etter at kona hans døydde vende Browning tilbake til London og skreiv dei best kjende verka sine, dikt i monologform, som The Ring and the Book (1868–1869), som handlar om ein mordprosess i Roma på 1600-talet.
Verkliste
1833 – Pauline: A Fragment of a Confession 1835 – Paracelsus 1837 – Strafford (teaterpjäs) 1840 – Sordello 1841 – Bells and Pomegranates No. I: Pippa Passes 1842 – Bells and Pomegranates No. II: King Victor and King Charles 1842 – Bells and Pomegranates No. III: Dramatic Lyrics 1843 – Bells and Pomegranates No. IV: The Return of the Druses 1843 – Bells and Pomegranates No. V: A Blot in the 'Scutcheon 1844 – Bells and Pomegranates No. VI: Colombe's Birthday 1845 – Bells and Pomegranates No. VII: Dramatic Romances and Lyrics 1846 – Bells and Pomegranates No. VIII: Luria and A Soul's Tragedy 1850 – Christmas-Eve and Easter-Day 1855 – Men and Women 1869 – The Ring and the Book 1871 – Balaustion's Adventure 1871 – Prince Hohenstiel-Schwangau, Saviour of Society 1872 – Fifine at the Fair 1873 – Red Cotton Night-Cap Country 1875 – Aristophanes' Apology 1875 – The Inn album 1876 – Pacchiarotto, and How He Worked in Distemper 1877 – The Agamemnon of Aeschylus 1878 – La Saisiaz and The Two Poets of Croisic 1879 – Dramatic Idylls 1883 – Jocoseria 1884 – Ferishtah's Fancies 1887 – Parleyings with Certain People of Importance in Their Day 1889 – Asolando
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Robert Browning» frå , den 2. januar 2024.
Kategori:Gravlagde i Westminster Abbey Kategori:Forfattarar frå London Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Britiske forfattarar Kategori:Engelske diktarar