Patience Marie Josephine Kama Dabany (), òg kjend som Marie Joséphine Kama og Josephine Bongo, er ein gabonsk songar og musikar. Dabany var førstedame i Gabon frå 1967 til 1987. Ho var gift med den mangeårige presidenten i Gabon, Omar Bongo Ondimba, i I 28 år. Etter at dei blei skilde, skipa ho ein musikalsk karriere. Ho er mor til den tidlegare presidenten i Gabon, Ali Bongo Ondimba.

Bakgrunn Dabany blei fødd som Marie Joséphine Kama i Brazzaville i dåverande Fransk Kongo. Foreldra hennar var batekefolk frå Haut-Ogooué-regionen i det som no er søraustlege Gabon. Dabany var fødd i ein musikalsk familie og byrja å synge i ein ung alder til faren sitt trekkspel, medan bror hennar spelte gitar. Seinare song ho i kyrkjekor i Brazzaville og i tradisjonelle songframføringar. Mor hennar var ein tradisjonell songar.

Fyrstedame I 1958 møtte ho Albert-Bernard Bongo, ein ung student frå Gabon. Ho blei gift med han som attenåring, den 31. oktober 1959. Dei fekk to born: sonen Alain Bernard Bongo (9. februar 1959), seinare Ali Bongo, og ei dotter, Albertine Amissa Bongo (1964-1993).

Etter at ektemannen blei president i Gabon i 1967 blei Marie Josephine Kama, no kjend som Josephine Bongo, fyrstedame i landet. Ho var involvert i mange sosiale prosjekt, som støtte av kvinnerettar, velgjerdsorganisasjonar for born og liknande. Ho engasjerte seg særleg i såkalla groupes d’animation, grupper av kvinner som song og dansa til støtte for regjeringspartiet ved offisielle høve. Ho var sentral i gruppa Akébé II, seinare kjend som Kounabeli og så Mbil'asuku, der ho gjerne opptredde som songar. Ho blei utnemnd til ærespresident for kvinnegruppa til regjeringspartiet, L’Union des Femmes du Parti Démocratique Gabonais.

Karriere som musikar I 1986 blei Joséphine og Albert Bongo skilde. Ho flytta til USA og starta ein karriere som profesjonell artist under jentenamnet sitt Patience Dabany. og følgde fotsporene til sonen (og seinare president av Gabon) Alain, som gav ut ein funk-plate med namnet A Brand New Man i 1977. Det fyrste albumet hennar var Levekisha. Andre album følgde etter som Cheri Ton Disque Est Rayé og Associé. Det kritikarroste albumet med tittelen Patience Dabany, frå 1994, blei produsert og miksa av den Grammy-vinnande lydteknikaren Reggie Dozier. Bakgrunnsvokalen blei sungen av vokaltrioen HARMONY frå Los Angeles, sett saman av av Cydney Davis, Wendy Smith og Theresa Walker, som også turnerte med Patience under konsertar i Gabon og California. I 1997 gav ho ut albumet Nouvelle Attitude. Same året vendte Dabany tilbake til Afrika, og slo seg ned i Libreville. I 2001 gav ho ut Article 106. Albumet hennar med verdsmusikk, Obomiyia, frå 2004 gav henne høvet til å turnera med James Brown i Europa. Ho spelte inn eit album med Kounabeli i 2005; songen «La Connaissance» frå dette albumet var ein av songane den tidlegare mannen hennar (som no brukte namnet Omar Bongo Ondimba) brukte under presidentkampanjen sin i 2005.

Ærestilvisingar

Filippinane: 70x70pk Medlem av Gabriela Silang-ordenen

Diskografi Album

Associé II (1987) 33T/LP Dis-moi [Your love]-(1990) CD & K7 Lévékisha (1994) CD & K7 Chérie ton disque est rayé (1995) CD La vie a changé [Nouvelle attitude] 1998 CD Article 106 (2001) CD Associé (2002) CD Obomiya (2004) CD No Comment (2007) CD La Locomotive (2010) CD La Locomotive II (2011) CD

Singlar i utval Voté Ali Bongo (1996) - Les Élections législatives 1996 Mari mar (2006) Les Panthère du Gabon (2007) L'amour d'une mère (2008) Papa Africa (2009) - Décès du Président Omar Bongo Ondimba Ali 9 (2009) - Élection anticipée 2009 Un an déjà (2010)-Anniversaire décès du Président Omar Bongo Ondimba Cinquantenaire du Gabon (2010) On vous connaît (2011) Célébrons l'Afrique feat Magic System, X-Maleya, Miki Badboy & Bill Clinton Kalonji (2012) - Coupe d'Afrique 2012 Tais-toi quand tu parles (2016) L'Afrique au Gabon feat (Serge Beynaud, ...) can gabon 2017

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Patience Dabany» frå , den 18. januar 2024.

Kategori:Gabonske musikarar Kategori:Folk frå Brazzaville