Arnhem Land er ein av fem regionar i Nordterritoriet i Australia. Han ligg i det nordaustlege hjørnet av territoriet og rundt 500 kilometer frå hovudstaden i territoriet, Darwin. Regionen dekkjer eit område på rundt 97 000 km² og har eit folketal på 16 230. Det administrative senteret er Nhulunbuy, som er den fjerde største busetnaden i Nordterritoriet.

Den britiske oppdagaren Matthew Flinders gav området namn etter det nederlandske skipet «Arnhem», som var på oppdagingsreise i området rundt 1623. Skipet var igjen kalla opp etter Arnhem i Nederland.

Klimaet i Arnhem Land er tropisk monsunklima med ei tørr årstid og regntid med liten temperaturvariasjon.

Området er eit senter for aboriginarkultur. Aboriginarar og forfedrane deira har budd her i titusentals år, og ei kring år gammal steinøks som er den eldste av sitt slag er funnen her. Ein har også funne bergkunst som kan vera kring år gammal her som viser det som kan tolkast som konflikt mellom ulike grupper. I 1931 blei eit område på utsett som aboriginarreservat, Arnhem Land Aboriginal Reserve. I 2007 omfatta området rundt som aboriginarland, med unntak av nokre gruveområde.

Kakadu nasjonalpark ligg i Arnhem Land.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Arnhem Land» frå , og «Arnhem Land» frå den 1. februar 2024.

Kategori:Nordterritoriet Kategori:Regionar i Australia Kategori:Stader kalla opp etter skip