Parel (uttalt ) er ein bydel i Mumbai. Parel hadde tidlegare ei rekkje tekstilfabrikkar, men desse er blitt erstatta av kommersielle kontorbygg.

Historie venstre|mini|274x274pk|Dei tidlegare sju øyane til Bombay. Parel var opphavleg ei øy, ei av dei sju øyane i Bombay. Havet mellom dei er gradvis blitt fylt att til ein felles landmasse. Namnet «Parel» kan stamma frå Parali Vaijanath Mahadev-tempelet på staden, som var vigd til hinduguden Sjiva. Dette tempelet blei erstatta av eit jesuittisk kloster på 1600-talet, då portugisarane hadde makta i området.

Parel-relieffet eller Parel Shiva er eit viktig monolittrelieff av Sjiva i dei sju formene hans som er datert tilbake til sein Gupta-tid, frå 400- eller 500-talet, av ASI. Det blei funne i Parel då ein bygde veg der i 1931, og flytta til Baradevi-tempelet i nærleiken, der det framleis blir tilbede.ASI; Michell, 355

I 1771 flytta den britiske guvernøren av Bombay, William Hornby, inn i det tidlegare klosteret, som blei kjent som Government House. Det blei skipa fleire fabrikkar i området. I 1883 døydde kona til guvernøren av kolera i dette huset, og to år seinare blei guvernørbustaden flytta til Malabar Point. Under pestepidemiane på 1890-talet blei gamle Government House leigd ut til det nydanna Haffkine Institute.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Parel» frå , den 14. februar 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Øyar i India