Arum italicum er ei plante i munkehetteslekta i myrkonglefamilien. Arten kjem frå Middelhavsområdet og Vest-Europa nord til Storbritannia og finst forvilla i søraustlege Sverige og Danmark.

I Noreg er arten ikkje funnen forvilla, men han blir rekna som ein dørstokkart som kan kome til å etablere seg på kysten nord til Trøndelag. I Framandartslista 2018 var arten ikkje risikovurdert, men i 2023 er arten registrert med ingen kjend risiko (NK).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skunkkalaslekta