er ein foss i Yugashima-distriktet i Izus i Shizuoka-prefekturet i Japan, sentralt på Izu-halvøya i den øvre delen av Kano-elva. Han er 25 meter høg og 7 meter brei. Vitjande kan nå fossen ved å gå ned 200 trappetrinn frå den lokale parkeringsplassen. Før det blei bygd ein sti til fossen i meijitida var han vanskelegare å vitja, og meir sogeomspunnen.

Rundt fossen veks det ein særskild bregneart, Woodwardia unigemmata. Langs elva som fossen er del av blir det dyrka wasabi, som krev mykje reint vatn. Det finst også prisa matfisk i vatnet nedstrøms for fossen, regnbogeaure stillehavslaksen amago (Oncorhynchus masou macrostomus), som ein kan kjøpa og eventuelt grilla på staden. Lokal wasabi blir også selt i form av iskrem, pickles og øl.

Fossen har status som prefekturnaturmonument i Shizuoka. Han blei lista som ein av dei fremste 100 fossane i Japan i ei liste frå Miljødepartementet i Japan frå 1990.

Fossen skal ha namn etter tempelet Joren-ji, som tidlegare låg i nærleiken.

I japansk folklore er Jōren-fossen heimen til jorōgumo, ein edderkopp som kan forvandla seg til ei forførande kvinne.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jōren-fossen» frå , den 18. februar 2024.

Kategori:Fossar i Japan Kategori:Shizuoka-prefekturet