Hjartetjønnaks (Potamogeton perfoliatus) er ei plante i tjønnaksslekta i tjønnaksfamilien. Arten er sirkumpolar. I Noreg er det nominatunderarten ssp. perfoliatus som veks.

I Noreg er arten heimleg i ferskvatn og brakkvatn på Austlandet og frå Trøndelag til Finnmark. Han veks òg spreidde stader på Sørlandet og i Rogaland, men er elles svært sjeldan på Vestlandet. I Raudlista 2021 er arten rekna som livskraftig (LC).

I innlandet på Austlandet og spreidd langs kysten til Aust-Finnmark er det registrert funn av hybriden med grastjønnaks (P. gramineus × P. perfoliatus eller P. ×nitens). Det er òg gjort funn i Trøndelag av ein hybrid mellom dei tre artane grastjønnaks, blanktjønnaks og hjartetjønnaks (P. gramineus × P. lucens × P. perfoliatus eller P. ×torssanderi). Hybriden med rusttjønnaks (P. alpinus × P. perfoliatus eller P. ×prussicus) er funnen på Austlandet og ved Farsund. Dessutan er det registrert ein hybrid med nøkketjønnaks (P. perfoliatus × P. praelongus eller P. ×cognatus) i Asker og spreidd frå Trøndelag til Troms. Hybriden med krustjønnaks (P. crispus × P. perfoliatus eller P. ×cooperi) er registrert frå Klepp på Jæren.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tjønnaksslekta