Mai Mercado () er ein dansk politikar. Ho har vore vald til Folketinget frå Fyns storkrins sidan 2011 og tilhøyrer Det Konservative Folkeparti.
Bakgrunn Mercado vaks opp i Odense og Nørre Aaby på Fyn. Ho gjekk katedralskulen i Odense og studerte statsvitskap ved Syddansk Universitet frå 2001 til 2008. Ved sida av studia var ho formann i Odense Konservativ Ungdom og medlem av forretningsutvalet til Konservativ Ungdom. Ho var medlem av bystyret i Odense frå 2006 til 2011.
Karriere I 2011 blei Mercado vald inn i Folketinget. Ho har markert seg som sosialpolitikar. Ho var politisk ordførar for Det Konservative Folkeparti frå 2014 til 2016, barne- og sosialminister i den tredje regjeringa til Lars Løkke Rasmussen frå 2016 til 2019 og leiar for den konservative folketingsgruppa frå 2019 til ho trekte seg tilbake i 2024.
Privatliv Mercado er gift med forretningsmannen Christopher Mercado, som ho har barn med. Dei bur på Frederiksberg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mai Mercado» frå , den 14. mars 2024.
Kategori:Danske statsvitarar Kategori:Danske barne- og sosialministrar Kategori:Det Konservative Folkeparti-ministrar Kategori:Folketingsmedlemmar frå Det Konservative Folkeparti Kategori:Folk frå Odense