Neil John Webb () er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Reading. Han var i yngre år ein målkåt midtbanespelar og flink pasningsspelar, fekk seinare meir defensive roller. Landslagsspelar for England 1987-92.

Karriere Klubbspel Webb var aktiv 1982-85 på Portsmouth FC sitt lag i tredje- og andre-divisjon. Sommaren 1985 vart han overført til Nottingham Forest, der han våren 1989 var med på å vinne ligacupen. Tre månader seinare skreiv han kontrakt med Manchester United. I FA-cupfinalen 1990 slo han ei briljant langpasning til Lee Martin som skåra kampens einast mål. Sommaren 1992 vende Webb tilbake til Nottingham Forest og mykje benkesliting, spelte sin siste kamp for laget i 1994.

Landslagsspel I tida 1987-92 deltok Webb i 26 landskampar for England og skåra 3 mål. Han spelte to kampar under Fotball-EM 1988, bronsefinalen i Fotball-VM 1990 og to av kampane under Fotball-EM 1992.

Merittar Vinnar av den engelske ligacupen: 1989 med Nottingham Forest, 1992 med Manchester United (deltok ikkje i finalen) Vinnar av FA-cupen: 1990 med Manchester United Vinnar av Cupvinnarcupen: 1991 med Manchester United (deltok ikkje i finalen) Finalist i den engelske ligacupen: 1991 med Manchester United Andreplass i den engelske ligaen: 1992 med Manchester United

Kjelder

eu-football

Denne artikkelen bygger på «Neil Webb» frå , den 17. juli 2024.

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Nottingham Forest-spelarar Kategori:Portsmouth-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Folk frå Reading