Ragnhild Jenny Fausa () er ein norsk tidlegare handballspelar og seinare offentleg byråkrat frå Stranda på Sunnmøre.

Fausa spelte på Stranda Idrottslag sitt handball-lag til 1983. Ho melde seg då inn i Sverresborg IF. Med laget frå Trondheim vart ho norsk meister i 1983 og 1984, i dei to finalane skåra ho høvesvis 3 og 6 mål. Saman med folk som Ingrid Steen, Britt Johansen, Hanne Hogness, Anne Berg Larssen og Karin Singstad syrgde ho for at Sverresborg våren 1986 stod att som seriemeister i handball, for fyrste og einaste gong i lagssoga. Sesongen 1988/89 gjorde Fausa teneste i tyske Bayer Leverkusen. Ho vende sidan tilbake til Sverresborg, før ho 1990-92 til sist var aktiv spelande trenar på andredivisjonslaget Stjørdals-Blink.

Fausa deltok åra 1985 og -86 i 40 av Noregs landskampar, skåra 65 mål.

Fausa bur i Kristiansund, der ho har vore leiar av NAV-kontoret.

Kjelder Trondheim håndballkrets i skuddet: jubileumsberetning 1945-1995. handball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Stranda