4. divisjon fotball 1971, avdeling Sunnmøre, tok til torsdag 6. mai og vart avslutta med ein hengekamp sundag 3. oktober med Sunnmøre Fotballkrins som arrangør. Avdelinga bestod av 8 lag. Vinnaren av avdelinga møtte vinnarane av 4. divisjon i krinsane Romsdal og Nordmøre til kampar om opprykk. Dei tre avdelingsvinnarane spelte alle ein kamp heime og ein kamp borte.
Poengtabell Plass Lag Kampar Målskår Poeng 1 SK Rollon 14 29–11 21 2 Sykkylven 14 28–12 21 3 Vigra Idrettslag 14 18–24 16 4 Spjelkavik 14 23–20 13 5 Mauseidvåg Idrettslag 14 18–18 12 6 Aksla Idrettslag 14 11–20 12 7 Volda 14 12–19 11 8 IL Valder 14 12–26 6
SK Rollon frå Ålesund tapte opprykkskampane mot Sunndal IL og Åndalsnes IF. Dermed vart alle 8 laga verande i 4. divisjon, ettersom avdelinga frå 1972 bestod av 10 lag.
Kjelder Sunnmørsposten. 1971-årgangen.
Kategori:Fotball i Noreg 1971 Kategori:Idrett i Møre og Romsdal