Han Kang () er ein forfattar frå Sør-Korea. I 2024 vart ho tildelt Nobelprisen i litteratur «for hennar intensive poetiske prosa, som konfronterer historia sine traumer og blottlegg menneska si sårbarheit».

Ho har skrive romanar, noveller og diktsamlingar, og fekk sitt internasjonale gjennombrot med romanen 채식주의자 (Vegetarianeren), som i engelsk omsetjing i 2016 vann den internasjonale Bookerprisen. Fleire av bøkene hennar er omsette til bokmål sidan 2017.

I 2019 var ho gjest ved Norsk Litteraturfestival på Lillehammer, og vart der den femte forfattaren innlemma i Fremtidsbiblioteket.

Kang er dotter av den sørkoreanske forfattaren Han Seung-won, og bror av forfattaren Han Dong-rim.

Bøker omsett til norsk

Leksjoner i gresk (roman) omsett av Jarne Byhre, Pax 2023 ISBN 978-82-530-4366-1 Dette er ikke farvel omsett av Jarne Byhre, Pax 2022 Hvit (biografisk roman) omsett av Jarne Byhre, Pax 2019 ISBN 978-82-530-4085-1 Vegetarianeren omsett av Vivian Evelina Øverås, Pax 2018 ISBN 978-82-530-3986-2 Levende og døde (roman) omsett av Vivian Evelina Øverås, Pax 2017 ISBN 978-82-530-3922-0

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sørkoreanske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 2000-talet Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Nobelprisvinnarar