Mohamed Béavogui () er ein guineansk diplomat og politikar som var fungarende statsminister i Guinea frå 6. oktober 2021 til 17. juli 2022.
Bakgrunn Béavogui har studert ved Gamal Abdel Nasser-universitetet i Conakry, ved i det dåverande Sovjetunionen og ved Harvard University i USA.
Karriere Frå 1982 til 1986 arbeidde Béavogui i Nigeria før han blei tilsett som konsulent i SNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO). I 2001 blei han utnemnd til regiondirektør for Vest- og Sentral-Afrika i (IFAD), ein jobb han hadde til 2011. I oktober 2011 blei han avdelingsdirektør og seniorrådgjevar for IFAD-presidenten. I 2015 blei han direktør i African Capacity Building Foundation.
Statskuppet i 2021 Den 5. september 2021 blei den valde presidenten i Guinea, Alpha Condé, styrta ved eit statskupp støtta av dei militære og president Condé blei arrestert. Leiar for spesialstyrkane i Conakry, oberst Mamady Doumbouya, blei 1. oktober 2021 teken i eid som ny president, og han utnemnde 6. oktober Mohamed Béavogui til fungarende statsminister. Ei rekkje land har tatt avstand frå, eller fordømt, kuppet og har kravd at Alpha Condé skal bli sett fri.
Béavogui blei avsett 17. juli 2022 etter å ha blitt erklært ueigna på grunn av sin helsesituasjon. Han blei erstatta av Bernard Goumou.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mohamed Béavogui» frå , den 9. oktober 2024.
Kategori:Guineanske statsministrar