«We Will Rave» (norsk omsetjing 'vi skal rave') er ein song frå 2024 av den austerrikske artisten . Songen blei gjeven ut 1. mars 2024 og var det austerrikske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.
Om songen «We Will Rave» blei skriven og komponert av det svenske låtskrivarteamet Anderz Wrethov, Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Julie Aagaard og Thomas Stengaard. Kaleen skildra songen som eit "techno-inspirert popspor" før utgjevinga av songen. Ved utgjevinga av songen uttala Kaleen at bilete av ein rave-fest i songen blei brukt til å promotere ein stad der «utanforståande og sårede sjeler går for å lækje og løyse problema deira gjennom musikk».
Kaleen blei offisielt kunngjord til å representere Austerrike i Eurovision Song Contest 2024 16. januar 2024 på Ö3-Wecker, eit radioprogram på . Den 23. februar publiserte ho ein 30-sekunds bit av songen for å promotere han. Demoen av songen blei lekka fleire veker før den offisielle utgjevninga av songen; Kaleen hevdar at den endelege versjonen blei endra for å samsvare betre med Eurovision. Songen blei offisielt gjeven ut 1. mars.
Eurovision Song Contest «We Will Rave» deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai 2024. Der blei låten nummer 9 og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai. I finalen var «We Will Rave» det siste bidraget på scena, og enda til slutt på 24. plass med 24 poeng.
Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering Hellas Internasjonal (IFPI) 29 Litauen (AGATA) 30 Nederland (Single Tip) 15 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) 3 UK Singles Sales (OCC) 23
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «We Will Rave» frå , den 5. desember 2024.
Kategori:Austerrikske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2024