Slimane Nebchi (), kjend som Slimane, er ein fransk songar og låtskrivar. I 2016 vann Nebchi den femte sesongen av talentshowet The Voice: la plus belle voix og har sidan gjeve ut eit album og ni singlar. Han representerte Frankrike i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Mon amour».

Bakgrunn Slimane Nebchi blei fødd 13. oktober 1989 i i Seine-et-Marne utanfor Paris. Besteforeldra hans flytta til Paris frå og i Algerie. Han gjekk ved skulen Lycée Jehan de Chelles, og flytta sidan til Paris-forstaden , der han jobba for la société ATEED.

Nebchi byrja musikkarrieren sin ved å leggje ut songar på internett, med eigenskrivne låtar som «Toi et moi», «Je n'y suis pour rien», «Salem» og «Amour Impossible». Han deltok i flere musikktevlingar, blant andre Nouvelle Star i 2009, X Factor i 2011, Encore une chance i 2012 og i den andre sesongen av Je veux signer chez AZ. Han deltok i Star Music Beach Tour i 2012 med Richard Cross. I 2015 hadde han ei siderolle i den franske musikalen Marie-Antoinette et le Chevalier de Maison-Rouge av .

I 2016 deltok Nebchi på audition for den femte sesongen av The Voice: la plus belle voix, der han song «À fleur de toi» av Vitaa. Han avanserte til direktesendingane, og 14. mai 2016 vann han finalen med 33 prosent av røystene.

Etter å ha vunne The Voice oppnådde han stjernestatus heime i Frankrike og har sidan selt 2 millionar album, mottatt fem NRJ Music Awards og ein Victorie de la Musique. Han har over 2 milliardar strøymingar og 7 millionar følgjarar på sosiale medium.

Nebchi representerte Frankrike i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö med songen «Mon amour», der han enda på fjerdeplass med 445 poeng.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Slimane» frå , den 30. desember 2024.

Kategori:Franske songarar Kategori:Franske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Franske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-låtskrivarar Kategori:Folk frå Seine-et-Marne