Ole Christian Larsson Tvergrov () var ein norsk gardbrukar og på Tvergrov i Hjørundfjord og militær tenestemann. Han var ordførar 1902-17 i dåverande Hjørundfjord kommune.
Tvergrov gjekk 1873-75 underoffiserskulen i Trondheim. Han tente fyrst Fjordenes Bataljon, seinare Volda Bataljon. Etter å ha vore sersjant i 14, år, fekk han opprykk til furer i 1890 og kommandersersjant 1896. Til sist var han fanejunker 1901-13. I 1886 fekk han skøyte på bruket Smivollen på Tvergrov, og dreiv dette til «eit veldrive bruk» før han døydde.
Tvergrov kom med i heradsstyret i Hjørundfjord i 1890 og var varaordførar 1900-01. I to valbolkar, 1902-04 og 1905-07, var han ordførar i Hjørundfjord. Etter å ha lært å skrive nynorsk i 50-årsalderen, arbeidde «han iherdig for at alle kommunale og offentlege skriv skulle vere på nynorsk, og var ein ihuga pådrivar» for at hjørunfjordingane skulle skrive nynorsk. Han var elles styreformann 1908-17 i Hjørundfjord Sparebank og overformyndar 1909-17.
Ole Christian Tvergrov var gift med Elen Jetmundsdotter Bjørdal frå Ørsta. Dei var foreldre til ni born.
Kjelder Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 46, s. 56ff. 2024 Folketeljing 1910 Søndmørsposten 7. desember 1917
Kategori:Ordførarar i Hjørundfjord Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet