Herman Bang () var ein dansk forfattar.
Bakgrunn mini|venstre|Herman Bang og familien hans. Far til Herman Bang var prest, og guten levde dei første seks åra av livet på ein prestegard på Als. Dette miljøet gjenskapte han seinare i erindringsromanen Det hvide hus. At barndomstraktene gikk tapt under den dansk-tyske krigen i 1864, blei et traume som Bang kom tilbake til seinare i fleire romanar, blant anna Tine. Området ble del av Danmark igjen ved genforeningen i 1920, men då var Bang død.
Etter at mor hans døde av tuberkulose, flytta familien til Sjælland. Samtidig gjekk faren inn i ein djup depresjon. Herman Bang kom på kostskulen Sorø Akademi, og etter studentareksamen flytta han inn hos farfaren, som var kongeleg livlege og budde i eit palé like ved Amalienborg i København. Det er åra hjå farfaren Bang skriv om i minneromanen Det graa Hus.Det graa hus, gjengitt fra avsnitt 264
Virke mini|venstre|portrett|Herman Bang avbilda av Emil A. Krause. Den store interessa og lidenskapen til Bang sidan barndommen hadde vore å opptre, og det var eit hardt slag at han ikkje blei teken inn som skodespelaraspirant ved teateret. I staden gav han seg til å skriva små einaktarar etter fransk mønster (proverb), og byrja òg å skriva reportasjar for avisene. Med skildringane sine frå alle lag av samfunnet førte han den moderne reportasjeforma til Danmark.
Bang debuterte som journalist i Jyllands-Posten i 1878.Journalisten Herman Bang, litteratursiden.dk Ved sida av reportasjar skreiv han også om moderne litteratur og teater. I den fyrste artikkelsamlinga si, Realisme og realister, hevdar han det synet at «Realismen er en Form, ikke en tendens». Her gjekk han imot synet til Georg Brandes, som var blitt det rådande i samtida.
Debutboka Haabløse Slægter frå 1880 vekte skandale, og Erik Skram var blant dei få som skreiv positivtUtgivelsen av Haabløse Slægter om romanen, som blei meldt som utuktig og dermed beslaglagt av politiet. Herman Bang blei bøtelagt, og omarbeidde og sensurerte sin eigen tekst. Fyrst i 1965 blei den forbodne fyrsteutgåva gjeven ut att.Haabløse Slægter av Herman Bang. litteratursiden.dk
Bang kjende seg miskjent og karikert i dansk offentlegheit, og i lange periodar budde han i utlandet. Særleg søkte han tilflukt i Noreg, der han prøvde å få i gang eit varietéteater. Bang skreiv også ei reisebok frå Noreg, Rundt i Norge.Reiseboken Rundt i Norge Han vitja Bergen fleire gonger, og treivst godt. I fleire år skreiv han ei fast spalte i Bergens Tidende, kalla Blade af min Dagbog.Jan Olav Gatland: Bolette C. Pavels Larsen (s. 55-56), forlaget Skald, 2023, ISBN 978-82-7959-358-4 Her skreiv han i eit innlegg (om forfattaren Henrik Pontoppidan) at han sjølv i Danmark var blitt omtalt som «en nordmann» (og Erik Skram som «en hylende dervisj»).Herman Bang, dagboksblad fra 1890 Men som skodespelar mislykkast han heilt i juni 1885, då den Nationale Scene sette opp Gjengangere av Ibsen med Bang i rolla som Osvald. I Finland hadde Bang blitt hylla både som forfattar, foredragshaldar og skodespelar, men slik gjekk det ikkje i Bergen, der Octavia Sperati, som spelte fru Alving, blei så skremt av framferda hans at ho flykta frå scena og tok tilflukt nede i orkesteret. Ropa hennar om hjelp skremde publikum til å reisa seg, og framsyninga blei avbroten. Bang stod i etterkant fast på at: «Ingen forstår Osvald bedre enn jeg.»Sean Christer Samdal: «Voldsom bergenspremiere på «Gjengangere» i 1885», På høyden 23. juni 2023 Fiaskoen med Gjengangere i Bergen blir gjengitt i erindringsboka Ti Aar. Bang hadde større suksess som turnerande opplesar av eigne tekstar og foredragshaldar. Livet ut kombinerte han opptredenar i inn- og utland med journalistisk verksemd, og han slo seg aldri til ro på éin stad.
I tida 1884-87 oppheldt han seg på kontinentet, men også i storbyane der verka den aparte åtferda hans og den homofile legninga uheldig. Attpåtil gjekk forlaget hans konkurs etter at direktørane blei tekne i å trykkja pengesetlar i kjellaren, og Bang sette då kurs for Berlin der han tok seg råd til å bu på fine hotell. Han var synleg i gatebiletet og skreiv for Berliner Tageblatt. Men etter eit par veker kom øvrigheita under vêr med at han hadde gjort narr av den gamle keisaren Vilhelm I og familien hans i eit reisebrev i Bergens Tidende 1. oktober 1885. Bang blei utvist frå Berlin 13 januar 1886, og drog til fyrstedømmet Meiningen,Herman Bang i Meiningen der han blei kjend med skodespelaren Max Eisfeld (1863-1935).Raimund Wolfert: «Max Eisfeld» (s. 8) Likevel førte reisebrevet til Bergens Tidende til at Bang vart utvist også frå Meiningen 19. februar 1886. No drog han til Wien, og Eisfeld kom etter; men økonomien var så anstrengt at Bang måtte pantsetja eigedelar. Verre var det at det anarkistiske tidsskriftet Die Freiheit 27. februar 1886 trykte ein omarbeidd versjon av reisebrevet frå Bergens Tidende, og no blei Bang halden under oppsikt som sosialist. Paret reiste like godt frå mange ubetalte rekningar, og kom 28. juli til Praha. Dei fann eit billig pensjonat i Balbinova 14, og i politiavhøyr gav Bang ut vennen sin for å vera omsetjar av Bang sine tekstar, frå dansk til tysk.Raimund Wolfert: «Max Eisfeld» (s. 16) No fekk Bang tilbod frå København om stillinga som sjefredaktør i Dagbladet, men han takka nei ut frå ønsket sitt om kunstnarisk fridom. Han takka også nei til ei tilsvarande stilling i Politiken, ettersom han mislikte både Georg og Edvard Brandes. I Praha fekk han i alle fall skrive mykje - mellom anna romanen Stuk - medan Eisfeld stod på scena i Berlin. Ved årsskiftet 1886/87 blei Eisfeld tilsett ved det kongelege Landestheater, og omtrent samtidig gjekk han og Bang frå kvarandre.Raimund Wolfert: «Max Eisfeld» (s. 20)
I Paris arbeidde han med å hjelpa fram dramatikken til Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen på scena. Han blei sjuk og døydde under ein foredragsturné i USA, på reise mellom Chicago og San Francisco.
Herman Bang hadde eit vanskeleg liv, og måtte i periodar innleggjast på sjukehus på grunn av dårleg mental helse. Ein vanskeleg oppvekst, med tap av mora som han var sterkt knytt til, den mentale tilstanden til faren, og dessutan påkjenningane ved eit liv som skjult homofil, kan kvar for seg og saman ha verka inn på helsa hans. Herman Bang er gravlagd på Vestre kyrkjegard i København.Herman Bangs grav, gravsted.dk
Skjønnlitterær forfattarskap Debutromanen Haabløse Slægter er tung av sjølvopplevd stoff. Han kan karakteriserast som ein dekadanseroman, men er samtidig prega av naturalistisk determinisme.
Under dei mange reisene sine kom han i kontakt med menneske ved yttergrensene i samfunnet, og desse møta brukte han som stoff til novellene i samlinga Ekscentriske Noveller frå 1885. I desse novellene utvikla han ein ny, impresjonistisk skrivestil og scenisk framstillingsmåte, der han avstod frå å kommentera og resonnera over handlingane til personane, men synte dei fram i korte glimt og talande situasjonar. Den same stilen førte han vidare i samlinga Stille eksistensar frå 1886, som særleg er kjenneteikna av ei rekkje inntrengjande kvinneportrett.
Romanen Stuk kom i 1887, og skildrar eit københavnarteater som blir øydelagt av pengegriskheita frå direktørane og spekulasjonsiver. I Tine kjem han tilbake til Als og krigsnederlaget i 1864. Påkjenningane frå krigen øydelegg moralen til folka der, og det er kvinnene som må lida mest ved det.
Romanen Ludvigsbakke frå 1896 har eit gjennomgangsmotiv hjå Bang: kvinna som gjev seg bort i tillit og kjærleik, men blir svikta av mannen, som alltid har andre og utanforliggjande motiv.
Den fiendtlege innstillinga samfunnet har til homofili gjorde at Bang måtte omskriva erotikken i normalerotiske forhold i romanane sine. Dette skjer t.d. i kunstnarromanen Mikaël frå 1904.
Den siste romanen til Bang, De uden Fædreland frå 1906, tek utgangspunkt i erfaringane som omflakkande kunstnar. Han handlar om den omreisande fiolinvirtuosen som må sjå at han blir detronisert av den unge og vitale Jens Lund – eit portrett av Johannes V. Jensen.
Død Lenge var dødsfallet til Herman Bang på eit tog på veg frå Chicago til San Francisco eit omdiskutert mysterium. Snart gjekk det rykte om at den berre 54-årige Bang var blitt drepen, kanskje av togpersonalet. Andre og meir gjennomtenkte skribentar og historikarar nøgde seg med forklaringa frå det amerikanske jernbaneselskapet, basert på togpersonalet sine eigne utsegner om at Bang døydde av naturlege årsaker.
Uansett gav det uventa dødsfallet til deninternasjonalt kjende forfattaren, åleine på ein opplesnadsturné på eit tog i eit framandt land der han ikkje snakka språket, opphav til spekulasjonar og halvfiktive utgjevingar. Klaus Manns novelle Rejse til nattens ende frå 1940 handla om dødsfallet. Den danske forfattaren Dorrit Willumsen fabulerte over dei siste dagane til Herman Bang i romanen Bang frå 1996. I 2009 kom Eines Dichters letzte ReiseEines Dichters letzte Reise («Ein diktars siste reise») ut i Tyskland med tekstar av ulike forfattarar som spekulerte over dødsårsaka.
Dei verkelege omstenda rundt dødsfallet til Herman Bang kom fyrst for ein dag i 2009, då journalisten og forfattaren Poul Pilgaard Johnsen i Weekendavisen offentleggjorde eit til då ukjent brev, datert 18. februar 1912. Det var frå journalisten og den oppdagingsreisande Frits Holm og sendt til Herman Bangsin forleggjar, Peter Nansen, på Gyldendal. Brevet er i Det Kongelige Bibliotek og inneheld ei detaljert skildring av dei siste dagane og timane til Bang, fortalt av ein mann som følgde han på reisa. Han døydde av naturlege årsaker.Poul Pilgaard Johnsen: «Herman Bangs sidste rejse», Weekendavisen 28. august 2009
Bibliografi mini|Tittelbladet til ei utgåve av romanen Stuk.
Romanar
Haabløse Slægter, 1880 Fædra, 1883 Stuk, 1887 Tine, 1888 Ludvigsbakke, 1896 Det hvide Hus, 1898 Det graa Hus, 1901 Sommerglæder, 1902 Mikaël, 1904 De uden Fædreland, 1906
Noveller
Præster, 1881 Excentriske Noveller, 1885 Stille Eksistenser, 1886 Under Aaget, 1890 Les quatre diables, seinare De fire djævle, 1890 Ved Vejen, 1898 – tatt opp i Kulturkanonen Ravnene 1902 En dejlig Dag, 1904 Sælsomme Fortællinger, 1907
Skodespel
Hverdagskampe og Du og Jeg, 1879 Herhjemme og derude, 1881 Inden fire Vægge, 1881 Graaveir, 1881 Ellen Urne (etter romanen Fædra), 1885 To Sørgespil : Brødre. Naar Kærligheden dør, 1891
Dikt
Digte, 1889
Sakprosa
Realisme og Realister, 1879 Ti Aar. Erindringer og Hændelser, 1891 Teatret, 1892 Rundt i Norge. Skildringer og Billeder, 1892 Masker og Mennesker, 1910 Josef Kainz, 1910 Vekslende Themaer I-IV, 2006
Kulturkanonen Novella «Ved Vejen» er tatt opp i den danske kulturkanonen under litteratur. I grunngjevinga si for valet av «Ved Vejen» sa Kanonutvalget blant anna:
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Herman Bang» frå , den 6. februar 2025.
Øystein S. Ziener og Jørgen Lorentzen: Homoseksualitet? Homotekstualitet? Drift og skrift i Herman Bangs forfatterskap (2001)
Kategori:Personar med verk i den danske kulturkanonen Kategori:Danske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1800-talet Kategori:Forfattarar frå 1900-talet