mini|Utsyn mot Naperville

Naperville er ein by i delstaten Illinois i USA. I gagnet er byen ein forstad til storbyen Chicago, som ligg 45 km aust for Naperville. I 2020 hadde byen i kring 150 000 ibuarar, fordelt på fylka DuPage og Will.

Naperville vart grunnlagt ved elva DuPage i 1831 av Joseph Naper. Folketalet på staden voks kraftig frå 1960-åra, i samband med at mange menneske flytta ut frå sentrumsområda i Chicago.

Napervilles største sysselsetjar er Edward Hospital med sine 4 500 tilsette.

I 2025 vart Naperville kåra til USAs beste by å bu i, med vekt på gode levekår, økonomi og skulestell.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Naperville, Illinois» frå , den 19. april 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Illinois