Kjetil Larsen () er ein tidlegare handballspelar frå Porsgrunn. I tida 1985 til 1988 vart han to gongar seriemeister og to gongar noregsmeister med Idrettsforeningen Urædd.
Klubbspel Larsen var frå 1981 aktiv på Urædd sitt 2. divisjons-lag. Etter opprykk til 1. divisjon i 1983 gjekk Urædd i 1985 heilt til topps og vart seriemeister for fyrste gong. Også i 1988 vart laget seriemeister, med Larsen som ein sentral spelar i mannskapet ved begge desse høva. I tida mellom desse triumfane vann Urædd og Larsen over Kragerø IF i cupfinalen 1986 og Stavanger IF sesongen etter. Larsen var aktiv i Urædd til 1992.
Landslagsspel Larsen fekk sin landslagsdebut mot Sveits den 29. desember 1983. 23. februar 1989 spelte han sin 75. og siste landskamp, på motsett banehalvdel stod Kuwait. Larsen noterte seg for 109 landslagsmål.
Kjelder Porsgrunns Dagblad, 15. desember 1986 handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Porsgrunn