Eleanor av Provence (fødd ca. 1223, død 24./25. juni 1291), òg skrive Eleanora, var dronning av England som ektefelle av kong Henrik III av England frå 1236 og fram til han døydde i 1272.
Sjølv om Eleanor var heilt lojal mot ektefellen sin, og trufast forsvarte han mot opprøraren Simon de Montfort, 6. jarl av Leicester, var ho svært dårleg likt av befolkninga i London. Dette stamma frå at ho hadde ført med seg ei stor gruppe slektningar til England i følgjet sitt. Desse var kjende som «savoiarar», og dei tok viktige og innverknadsrike posisjonar i regjeringa og i riket. Ved eit høve blei lystbåten til Eleanor angripen av rasande byborgarar som kasta steinar, jord, bit av brustein, ròtne egg og grønsaker på henne.
Eleanor var mor til fem barn, inkludert den framtidige kongen Edvard I av England. Ho blei kjend for dugleikane sine, som ei føregangskvinne i klesmotar og for evnene sine til å skriva poesi.
Familie Eleanor var fødd i Aix-en-Provence som den nest eldste dottera til Raimond Berengar IV, greve av Provence (1198–1245), og Beatrice av Savoie (1205–1267), som igjen var dotter av Thomas I av Savoie og den andre kona hans Margaret av Geneva. Alle dei fire døtrene til paret blei dronningar. Som mor si, bestemor og søstrer var Eleanor kjend for venleiken sin. Ho var ei mørkhåra brunette med vakre auge.Costain, The Magnificent Century, s. 125-126 Den samtidige engelske historikaren Piers Langtoft nemner henne som «Dotter til jarlen, den vakraste i live»: «The erle's daughter, the fairest may of life».Costain, The Magnificent Century, s. 140 Den 22. juni 1235 blei ho trulova med kong Henrik III av England (1207–1272).Cawley, Medieval Lands, Provence Eleanor var truleg fødd i 1223; Matthew Paris omtalte henne som «jamque duodennem» (allereie tolv) då ho kom til kongeriket England for å bli gift.
Ekteskap og barn Eleanor blei gift med kong Henrik III av England den 14. januar 1236. Ho hadde aldri sett han før bryllaupet i Canterburykatedralen, og hadde heller aldri tidlegare vore i England.Costain, The Magnificent Century, s. 127 Edmund Rich, erkebiskopen av Canterbury, stod for vigselen. Eleanor var kledd i ein skinnande gyllen kjole som sat tett om livet og breidde seg ut over golvet. Ermene var lange og klede i hermelin.Costain, The Magnificent Century, s. 129 Etter å ha ridd til London same dagen, der ein prosesjon av borgarar helsa dei nygifte, blei Eleanor krona som dronning ved ein seremoni i Westminster Abbey følgd etterfulgt av ein storstilt bankett med heile adelen til stede.Costain, The Magnificent Century, s. 129-130 mini|Eit uhistorisk romantisk portrett frå 1851, Biographical Sketches of the Queens of England, som understrekar det ho blir hugsa for for, venleik og pyntesjuke. Eleanor og Henrik fekk til saman fem barn:
Edvard I (1239–1307), gift med Eleonore av Castilla (1241–1290) i 1254, som han fekk barn med, inkludert arvingen sin Edvard II; han gifta seg med Margrethe av Frankrike i 1299, som han fekk barn med. Margaret av England (1240–1275), gift med kong Aleksander III av Skottland, som ho fekk barn med. Beatrice av England (1242–1275), gift med Jean II av Bretagne, som ho fekk barn med. Edmund Krokrygg, 1. jarl av Lancaster (1245–1296), gift med Aveline de Forz i 1269, og som døydde fire år seinare utan barn; gift med Blanka av Artois i 1276, og som han fekk barn med. Katharine (25. november 1253–3. mai 1257)
Det finst også omtale av fire andre barn, men eksistensen av desse er tvilsame då det ikkje finst samtidige notat om dei. Dei er:
Richard (1247–1256) John (1250–1256) William (1251–1256) Henry (1256–1257)
Eleanor var kjend for lærdom, dugleik, og evner til å skriva poesi, og for venleik.Costain, The Magnificent Century, s. 127 Ho var også kjend som ein nyskapar innan mote, og importerte stadig klede frå Frankrike.Costain, The Magnificent Century, s. 140 Ho bar ofte fleirfarga cotter (ein type overkjole i mellomalderen) og hoftehaldar i gull eller sølv der ein dolk var stukken ned. Ho likte å kle best å kle seg i raud silkedamask, og dekorasjonar med forgylte firkløverar, og for å dekkja det mørke håret sitt bar ho ein lett pillebokshatt. Ho introduserte ein ny type hovudklede eller slør til England, som fekk ansiktet til å minna om det indre av ein blomster omgitt av kronblad.«into which the head receded until the face seemed like a flower in an enveloping spathe», Costain, The Magnificent Century, s. 140
Eleanor synest å ha vore særleg knytt til den fyrstefødde sonen sin, Edvard. Då han låg dødeleg sjuk i 1246 var ho med han til klosteret i Beaulieu i Hampshire i tre veker, mykje meir enn den tida som var tillaten i klosterreglane.Costain, The Magnificent Century, s. 142 Det var på grunn av innverknaden hennar at kong Henrik overdrog hertugdømmet Gascogne til Edvard i 1249. Dei yngste barna hennar, Katharine, verker å ha hatt ein degenererande sjukdom som gjorde henne døv. Då den vesle jenta døydde 3 år gammal blei begge foreldre overvelda av sorg.Costain, The Magnificent Century, s. 167
Upopularitet mini|Henrik III og dronninga hans Eleanor, Illustrasjon frå manuskript på 1200-talet. Eleanor var ein lojal og trufast ektefelle til kongen. Ho Eleanor støtta saka til ektemannen, trassa opprøraren Simon de Montfort, og samla troppar i Frankrike for Henrik. Men ho hadde hatt med seg i følgjet ei stor gruppe av slektningar, «the savoyard» eller «savoiarar», og innverknaden hennar hjå kongen, i lag med upopulariteten hennar hjå den engelske adelen, skapte friksjonar under regjeringstida til Henrik.Costain, The Magnificent Century, s. 130-140
13. juli 1263 segla Eleanor ned elva Thames i ein lystbåt då ho blei angripen av borgarane i London som kasta stein og egg på henne.Costain, The Magnificent Century, s. 253-254 Ho la borgarane i London for hat, noko som var gjensidig. Som hemn for mistrua i byen kravde Eleanor at byen skulle betala gjelda kjend som dronninggullet, der ho fekk ein tiandedel av alle skattar som kom til krona. I tillegg til dronninggullet blei borgarane pålagde andre bøter av dronninga av dei spinklaste grunnane.Costain, The Magnificent Century, s. 206-207 I frykt for livet sitt då ho blei pepra med steinar, brustein og egg blei ho redda av Thomas Fitzthomas, borgarmeisteren i London, og tok tilflukt i heimen til biskopen av London.
I 1272 døydde Henrik, og sonen Edvard, som då var 33 år gammal, blei kong Edvard I av England. Eleanor blei verande i England som enkjedronning, og fostra opp fleire av barnebarna sine, mellom anna Edvard sin son Henrik og dottera Eleanor, og Beatrice sin son John. Då barnebarnet hennar Henrik døydde medan han var under hennar omsorg i 1274, gjekk ho i sorg og gav ordre om at hjartet hans skulle gravleggjast i priorinneklosteret i Guildford som ho hadde oppretta for minnet hans.
Ho trekte seg tilbake til eit nonnekloster, men heldt fram med å vera i kontakt med sonen sin, kong Edvard, og systera si, dronning Margrete av Frankrike.
Eleanor døydde den 24. eller 25. juni 1291 i Amesbury, i overkant av 12 km nord for Salisbury. Ho vart gravlagd den 11. september 1291 i klosteret Amesbury Abbey, men hjartet hennar blei teke til London der det blei gravlagt ved priorinneklosteret til fransiskanarordenen.Howell, Eleanor, 1997.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eleanor av Provence» frå , den 22. juni 2025. oppgav desse kjeldene: &nbsbp;
Cawley, Charles: Medieval Lands Project on Eleonore Berenger of Provence, Medieval Lands database, Foundation for Medieval Genealogy Costain, Thomas B. (1959): The Magnificent Century, Doubleday and Company, Garden City, New York Cox, Eugene L. (1974): The Eagles of Savoy. Princeton: Princeton University Press. ISBN 0691052166. Howell, Margaret (1997): Eleanor of Provence: Queenship in Thirteenth-century England Howell, Margaret (2004): «Eleanor (Eleanor of Provence) (c.1223–1291), queen of England» i: Oxford Dictionary of National Biography, Oxford: Oxford University Press. Betalingsmur Sadler, John (2008): The Second Barons' War: Simon de Montfort and the Battles of Lewes and Evesham. Casemate Publishers. ISBN 978-1-84415-831-7.
Kategori:Engelske dronningar Kategori:Folk frå Aix-en-Provence Kategori:Folk frå 1200-talet