Philomena Begley () er ein countrysongar frå Nord-Irland. I 1975 fekk Begley ein hit med versjonen av Billie Jo Spears sin song «Blanket on the Ground» som selde meir enn Spears sin versjon i Irland. I 2020 blei Begley den fyrste kvinna som blei innført i ICMA Hall Of Fame. Begley er blitt kalla «Dronninga av country.»

Bakgrunn Philomena Begley blei fødd og voks opp i Pomeroy i County Tyrone i Nord-Irland. Ho arbeidde i ein hattefabrikk i Cookstown før ho fekk det musikalske gjennombrotet sitt.

Karriere Fyrste gong ho song var med det populære Old Cross Céilí Band, på ei utfordring, men blei verande med gruppa. Gruppa blei seinare kjend som Old Cross Bandshow, og gav ut tre album i Irland i 1968 og 1969, utan å koma på topplistene. I september 1970 bytta bandet namn til The Country Flavour. Den fyrste plata til Begley etter dette blei dne fyrste hitten hennar då «Here Today, Gone Tomorrow» nådde sjuandeplassen på den irske topplista. I 1974 danna ho Ramblin' Men, medan Country Flavour fortsette å turnera med fleire andre songarar (inkludert Eileen King og Dan O'Hara) på 1970-talet.

Begley turnerte jamleg med Ray Lynam frå 1975, og dei spelte inn fleire duettar saman. Den mest populære av dei er truleg «My Elusive Dreams», som seinare blei nemnd av The Pogues i songen «A Pair of Brown Eyes».

I 1975 hadde Begley ein hitt med versjonen sin av Billie Jo Spears sin hittsong «Blanket on the Ground», som nådde femteplassen på den irske topplista. Spears gav songen ut i Storbritannia og Irland på same tid, men i Irland fekk Begley sin versjon dei høgaste salstala. Spears sin versjon nådde berre 11. plassen. Begley opptredde av og til i lag med Spears, og spelte inn ein hyllestsong til henne etter at den amerikanske stjerna døydde i 2011.

I 1977 la ho ut på ein stor turné i USA, og i 1978 blei ho invitert til å synga på Grand Ole Opry av Porter Wagoner. Seinare har ho vendt årleg tilbake til Nashville, vore æresgjest på St. Patrick's Day-paraden i New York City, og har sunge både på Grand Ole Opry og i Carnegie Hall.

Privatliv Philomena Begley er gift med Tom Quinn og har tre barn, Mary, Aiden og Carol. Dei bur på ein gard i Galbally i County Tyrone. Sonen hennar, Aiden Quinn, har òg etablert ein songkarriere for seg sjølv. Niesa hennar, Andrea Begley, vann BBC TV-serien The Voice i juni 2013.

Diskografi

Album

1972 - Truck Driving Woman (Release Records) 1973 - The Two of Us (med Ray Lynam) (Release) 1974 - Meet the Queen of Country Music (Top Spin Records) 1975 - The Best of Ray and Phil (with Ray Lynam) (Country Records) 1975 - Blanket on the Ground (Top Spin) 1976 - Irish Country Queen (Top Spin) 1976 - Queen of the Silver Dollar (Top Spin) 1977 - Truckin' Queen (Top Spin) 1978 - Nashville Country (Top Spin) 1979 - Fireside Country (Top Spin) 1979 - The Best of Philomena Begley (K-tel) 1980 - Philomena's Country (Top Spin) 1981 - My Kind of Country (Top Spin) 1983 - Country Scenes (K-tel) 1984 - You're in My Heart (Ritz Records) 1985 - Simply Divine (with Ray Lynam) (Ritz) 1987 - More About Love (Ritz) 1988 - Silver Anniversary Album (Ritz) 1991 - In Harmoney (Ritz) 1993 - Simply Divine (Ritz) 2002 - My Elusive Dreams (med Ray Lynam) (Prism Leisure Records) 2003 - Irlands Qeen 2004 - Once Around the Dancefloor (Prism Leisure) 2005 - Village 2007 - The Philomena Begley Collection (Voice Records) 2009 - The Way Old Friends Do 2009 - I'll Only Give This Up When It Gives Me Up 2013 - How I Love Them Old Songs (H&H Records) 2018 - From Then Till Now (H&H) 2022 - The Diamond Collection

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Philomena Begley» frå , den 7. september 2025.

Kategori:Nordirske songarar