Tordis Maurstad () var ein norsk skodespelar som opptredde på teater, film, radio og fjernsyn.

Tordis Maurstad var knytt til Det Norske Teatret i over 50 år, men gjesta ved fleire andre teater, og opptredde mykje i andre media. Ho er mellom anna kjend som den første hovudrolleinnehavaren i ein nynorsk spelefilm, filmen Liv, som hadde premiere den 26. desember 1934).

Maurstad var fødd Tordis Witzøe i Kristiansund. Ho gifta seg med kollegaen Alfred Maurstad, og dei fekk sonen Toralv Maurstad, som blei skodespelar. Tordis Maurstad var også kjærast med Jakob Sande og sambuar og ektefelle til Helge Krog frå 1949 til han døydde i 1962.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tordis Maurstad» frå , den 9. november 2008.

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Nynorskhistorie Kategori:Folk frå Kristiansund