Kyrene (gresk: Κυρήνη, Kyrēnē) var ein antikk gresk bystat og deretter ein romersk by som låg nær dagens Shahhat i Libya. Han var den eldste og viktigaste av dei fem greske byane i regionen, og gav austlege Libya det klassiske namnet Kyrenaika.

Byen ligg i ei frodig dal i Jebel Akhdar, og har namn etter ei kjelde, Kyre, som grekarane vigde til guden Apollon. Byen skal ha blitt grunnlagd i 630 f.Kr., som ein gresk koloni frå øya Santorini. Han blei eit viktig handelssenter som utvikla seg til ein republikk, og seinare underla seg Aleksander den store frivillig. Seinare kom han under styret til det egyptiske ptolemeardynastiet. Frå 276 f.Kr. til 30 f.Kr. veksla byen mellom sjølvstende, romersk overhøgheit og å styre frå ptolemearane. Deretter var han ein romersk by, fram til han forfall etter jordskjelvet i 365.

Historie

Gresk tid venstre|mini|Den medisinske urten silfion var ein av dei viktigaste eksportvarene til byen, til han blei overbeskatta. Her er ein knopp av urten prega på ein mynt frå Kyrene. Kyrene blei grunnlagd i 630 f.Kr. som ein busetnad av grekarar frå Thera på øya Thera (dagens Santorini). Etter tradisjonen var dei leia av Battos I ved ein stad som låg rundt 16 km frå hamna i byen, Apollonia (Marsa Sousa). Kyrene blei raskt den fremste byen i antikke Libya, og skipa handelssamband med alle dei greske byane ved Middelhavet. Han nådde høgda av blomstringstida si under ein eigen konge på 400-talet f.Kr. Ikkje lenge etter 460 f.Kr. blei han ein republikk. I 413 f.Kr., under Peloponneskrigen, forsynte Kyrene dei spartanske styrkane med to triremar og losar.Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50 Etter at Aleksander den store døydde i 323 f.Kr. blei republikken underlagt ptolemeardynastiet i Egypt. Kyrene var òg sete for kyreneikarane, ein kjend filosofisk skule på 200-talet f.Kr. som blei grunnlagd av Aristippos, ein disippel av Sokrates. Byen blei kalla for «Afrikas Athen».Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50 

Ophellas, ein general som okkuperte byen for Ptolemaios I Soter av Egypt, styrte byen nær sjølvstendig fram til han døydde, då Ptolemaios sin svigersønn Magas blei gjort til guvernør for området. I 276 f.Kr. krona Magas seg sjølv som konge og erklærte sjølvstande. Han gifta seg med dottera til kong Antiokos i Soter for å kunna oppretta ein allianse med Selevkideriket slik at han kunne invadera Egypt frå vest medan Antiokos angrep dei egyptiske stillingane i Midtausten. Invasjonen mislukkast då Magas måtte avbryta invasjonen grunna intern strid, og etter at han døydde i 250 f.Kr. blei byen igjen underlagt ptolemearane. Kyrenaika blei ein del av Egypt av ptolemearane og styrt frå Alexandria. Det blei eit romersk område i 96 f.Kr. då Ptolemaios Apion, den siste greske kongen av Kyrenaika, let Roma arva riket. I 74 f.Kr. blei området formelt omgjort til ein romersk provins.

Romersk tid mini|Mynt frå Kyrene, ca. 322-313 f.Kr. Innbyggjarane i Kyrene ved tida til Sulla, kring 85 f.Kr. , var delt i fire samfunnsklassar: borgarar, bønder, utanlandske innbyggjarar og jødar. Herskaren av byen, Ptolemaios Apion, let Roma vera arvingen sin då han var barnlaus, men heldt byen som sjølvstyrt. Plutark skildra i verket sitt De mulierum virtutibus korleis Nicocrates, tyrannen av Kyrene, blei avsett og drepen av kona si Aretafilia ein gong rundt år 50 f.Kr. Ho var blitt tvinga til å gifta seg med han etter at han hadde drepe den opphavlege ektefellen hennar.Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50

I 74 f.Kr. blei Kyrene gjort til ein romersk provins, men medan den jødiske folkesetnaden hadde hatt like rettar under ptolemearane, blei dei frå denne tida stadig meir undertrykte av den langt større greske folkesetnaden. Spenningane auka til eit klimaks då jødane gjorde opprør under keisar Vespasian i den fyrste romersk-jødiske krigen i 66-73 e.Kr. , og særleg under Trajan i kitoskrigen i åra 115-117. Oppstanden blei slått ned av Marcius Turbo, men ikkje før eit stort tal menneske var blitt drepne.Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50 Ifølgje med kyrkjehistorikaren Eusebius av Cæsarea førte utbrotet av vald til at Libya blei avfolka i ein slik grad at nokre få år seinare blei det skipa nye koloniar her av keisar Hadrian for å oppretthalda ei vedvarande busetjing.

Ein kjend hovudlaus marmorstatue, «Venus av Kyrene», som representerte romerske gudinna Venus, er ein romersk kopi av ein gresk original av Afrodite, og blei oppdaga av italienske soldatar i 1913. Han blei frakta til Roma der han blei verande fram til 2008, då han blei gjeven tilbake då den italienske statsministeren Silvio Berlusconi møtte den libyske leiaren Muammar al-Gaddafi og signerte ein «vennskap og samarbeidsavtale».Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50

Grunnlaget for framgang mini|Ruinene av Kyrene i 2010. mini|Leivningane av sigersmonumentet i agoraen. Den fremste lokale eksporten til Kyrene gjennom det meste av den tidlegaste historia deira var den medisinske urten silfion eller silphium (ein Ferula-art i skjermplantafamilien), som blei nytta som eit abortfremkallande middel.Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50 Arkesilaos II (ca. 568-550 f.Kr.) er avbilda på ein lakonisk kopp (i dag i Cabinet des Médailles i Paris) i svart og raud kappe medan han overvakar vekt og lasting av silfon, pakka i skinn, klar for eksport.Lykoudis, Maria: «In Search of Silphion» (PDF) «Battos' silfion» blei eit fast gresk uttrykk for ekstrem rikdom med henvisning til Battos I, den fyrste kongen av Kyrene. Urten blei avbilda på dei fleste myntar frå Kyrene, og var bokstaveleg verd si eiga vekt i sølv. Han var underlagt kongeleg monopol og utgjorde rikdom og stoltheit i byen. Det var slik etterspurnad etter silfion at det blei hausta til utrydding; og i samanheng med kommersiell konkurranse frå Kartago og Alexandria førte til nedgang i handelen i byen. Ved 100-talet e.Kr. kunne Plinius den eldre rapportera at bruken av silfion, som han kalla for laser, ville vera ei «endelaus oppgave å nedteikna».Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50 Allerede i Plinius si tid var urten blitt sjeldan og allereie utrydda hundreåret etter. Ein illeluktande slektning av silfion, kjend som asafoetida, finst enno og blitt framleis nytta til urtemedisin og som krydder i matlaging, særleg i Midtausten og India.Lykoudis, Maria: «In Search of Silphion» (PDF)

Nedgang Kyrane med hamna i Apollonia (dagens Marsa Susa) heldt fram som eit viktig urbant senter fram til jordskjelvet i 262 som øydelagde heilagdommen til Demeter og Persefone og biblioteket. Etter øydelegginga fekk keisar Claudius Gothicus gjenoppbygd Kyrene, og omdøpte samstundes byen etter seg sjølv som Claudiopolis. Restaureringa av byen var svak og vaklande. Naturkatastrofar og gjennomgåande økonomisk nedgang førte til at byen gjekk under. I 365 kom endå eit stort jordskjelv som øydela dei allereie spinkle håpa om ei framtid. Den romerske historikaren Ammianus Marcellinus skildra byen på 300-talet som ein forlaten stad, og biskop Synesios, som sjølv kom frå Kyrene, skildra han ved byrjinga av det følgjande hundreåret som ein omfattande ruin herja av nomadar. Til sist blei restane av byen erobra av arabarane i 643, men då var det lite att av dei ein gong velstående romerske byane i nordlege Afrika. Ruinane av Kyrene ligg i dag i nærleiken av den moderne landsbyen Shahhat. Eit delvis ikkje utgrave Zevstempel blei rasert i 1978 på ordre frå Muammar al-Gaddafi.

Filosofi Kyrene var fødestaden til Eratosthenes og det var ei rekkje filosofar knytte til byen, mellom anna Aristippos, grunnleggeren av ein filosofisk lærestad her, og etterfølgjaren hans, dottera Arete (som sjølv lærte opp i sonen sin, Aristippos den yngre), Kallimachos, Karneades, Ptolemais, og Synesios, som på 300-talet var biskop av nabobyen Ptolemais.

Kyrene i Bibelen mini|Dekorasjon, dokumentert 1999. mini|Delar av nekropolis. Kyrane er referert til i den gamle testamentlege apokryfe teksten Andre makkabearbok. I denne boka seier forfattaren sjølv at det er ei forkorta utgåve eller eit samandrag av eit større verk på fem bind av hellenistisk jøde kjend som Jason av Kyrene som levde i tida rundt 100 f.Kr. , men verka hans er tapte.Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50

Kyrene er òg nemnt i Det nye testamente. Ein mann frå Kyrene kalla Simon bar krossen til Kristus på langfredagen.Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50 I ApostelgjerninganeThukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50 høyrer jødane frå Kyrene læresveinane snakka sitt eige språk i Jerusalem i pinsen. Nokre jødar frå Kyrene kom i diskusjon med disippelen Stefanus.Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50 Denne Stefanus skal òg ha kome frå Kyrene som saman med truande frå Kypros var dei fyrste som predika for ikkje-jødar. Litt seinare i same boka blei ein Lukius frå Kyrene nemnd som ein av fleire som meinte å høyra den heilage ande tala til dei, og som instruerte dei til å utpeka Barnabas og Saul (senare Paulus) for misjonsteneste.Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50

Ifølge Legenda Aurea fann historia om Sankt Georg sin kamp mot draken føre seg i nærleiken av byen.

Dagens Kyrene Ruinane blei gjenoppdaga og skildra i 1705-1706 av franskmannen Claude Lemaire. Funniet var medverkande til framveksten av nyklassisismen.

Kyrene er i dag ein arkeologisk stad i nærleiken av landsbyen Shahhat. Eit av dei meir framstående trekka er tempelet til Apollon som opphavleg blei bygd så tidleg som på 600-talet f.Kr. Andre antikke konstruksjonar er eit tempel til Demeter og eit delvis ikkje avdekka tempel vigd Zevs. Det finst ein stor nekropolis omlag 10 km mellom Kyrene og den antikke hamna Apollonia.

I 2005 avdekka italienske arkeologar frå Universitetet i Urbino 76 intakte romerske statuar ved Kyrene frå 100-talet e.Kr. Statuane hadde vore uoppdaga så lenge ettersom dei var blitt skjulte av ein støttemur i tempelet som fall over ved jordskjelvet i 375. Dei hadde så vore skjulte av stein, grus og jord i 1 630 år. Andre murar skjerma statuane slik at ein var i stand til å rekonstruera dei.Thukydides: The Peloponnesian War (The Landmark Thucydides edition, Robt. B. Strassler, red), Touchstone, New York, 1998, sec.7.50