Nils Olov Lennart Larsson () var ein svensk langrennar frå Västerbottens län. Han vart i 1958 verdmeister i 4x10 km stafett for Sverige.
Larsson vann 15 kilometer i Svenska skidspelen 1955 på nyåret. Nær to månader seinare vart han nummer 3 på same distansen i Holmenkollrenna, bakom to finske løparar. Under Vinter-OL 1956 enda han på åttandeplassen på så vel 30 som 15 km, før han gjekk opningsetappen for eit svensk mannskap som tok bronse på stafetten.
I 1957 vart Lennart Larsson tredjemann på 15 km i Svenska skidspelen i Skellefteå, like bak landsmennene Per-Erik Larsson og Sixten Jernberg. Saman med desse to karane og Sture Grahn sikra han svensk triumf på stafetten under Ski-VM 1958 i Lahti. Individuelt enda Larsson, som gjekk under tilnamnet «Lill-Järven», på 15. plass på 50 km og 14. plass på 15 km. I Holmenkollrenna 1959 vart han nummer 3 på 15 km, ei tevling finske Kalevi Oikarainen vann føre norske Einar Skaaren.
Ved Vinter-OL i 1960 i Squaw Valley kom Larsson på femteplass på 30 km og fjerdeplass på 50 km og i 4x10 km stafett. Vinteren 1961 var han med å vinne 3x10 km stafett i Svenska skidspelen for Västerbotten, saman med Assar Rönnlund og Sture Grahn. Også i 1962 var Lasson med å vinne stafetten i Svenska Skidspelen, men då for Sverige. På tremila i same tok han tredjeplassen på 30 km.
I svenske meisterskap vann Larsson fem sølvmedaljar og fire bronsemedaljar. Han var aktiv til 1966.
Kjelder
Kategori:Svenske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1956 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1960