Cupfinalen i fotball 1985 var den 80. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt sundag 20. oktober på Ullevaal stadion i Oslo framfor 18 500 tilskodarar. Lillestrøm Sportsklubb vart norsk meister etter å ha slått oslolaget Vålerenga Idrettsforening med 4 mål mot eitt. Det var fjerde gongen Lillestrøm SK vann NM-pokalen.

Kampen I det 26. minutt var midtspissen André Krogsæter spelt fri midt framom mål og frå 15 meter hald sette han ballen mellom føtene på VIF-målvakta og midt i det tome målet. Åtte minutt seinare storma same Krogsæter fritt fram på Lillestrøm si høgreside og sette ballen under målvakta frå skrått hald, etter å krangla ballen forbi ein VIF-forsvarar som kom stormande. I det 11. minutt av den andre omgangen mottok Vidar Davidsen ballen i straffefeltet til LSK, vende kvikt og plasserte ballen tilbake i motsett hjørnet av målburet. Kampen var 74 minutt gammal då Krogsæter, etter ein hovudduell mellom ulike spelarar, tuppa ballen i mål frå 2-3 meter. Ti minutt seinare tok Joar Vaadal seg ned mot venstre dødlinja til VIF, før han sentra tilbake til ein fri Krogsæter som roleg sende ein markkrypar i mål frå 6-7 meter.

Laga Lillestrøm stilte med Arne Amundsen, Ole Dyrstad, Georg Hammer, Bård Bjerkeland, Tor Inge Smedås, Rune Richardsen, Kjetil Osvold, Arne Erlandsen (kaptein), Tom Sundby, Joar Vaadal og André Krogsæter. Gunnar Halle kom på bana i det 79. minutt og Bjørnar Erlandsen i det 89. Smedås og Vaadal måtte vike plass.

Vålerengen: Espen Muggeby, Jan Erik Aalbu, Jo Bergsvand, Lasse Eriksen, Per Edmund Mordt, Tore Nilsen, Knut Arild Løberg, Vidar Davidsen, Egil Johansen, Jørn Andersen og Paal Fredheim. På tampen av kampen kom Steinar Enerly og så Henning Lund i spel. Ut steig Nilsen og Johansen.

Kjelder Arbeiderbladet, 21. oktober 1985

Kategori:NM i fotball Kategori:Sport i Noreg i 1985 Kategori:Idrettstilskipingar i Oslo