Kai Verbij () er ein nederlandsk skeiserennar frå Leiderdorp. Han vart i 2017 verdsmeister i sprint-firkamp.

Aktiv Verbij sikra seg bronsemedaljen i Skeise-VM 2016 i sprint-firkamp, hans internasjonale meisterskapsdebut. Året etter gjekk han til topps i europameisterskapen sprint-firkamp, sidan tok han ein bronse på 1000 m ved VM enkeltdistansar i Gangneung, før han i Calgary krynte sesongen ved å vinne Skeise-VM 2017 i sprint-firkamp. Her sette han samstundes verdsrekord i sprint-firkamp med 136,065 tidspoeng.

Etter ein niandeplass på 500 meter og sjetteplass på 1000 m under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang, kom han meir til sin rett ved sprint-verdsmeisterskapen der han vart tredjemann samanlagt. Vinteren 2019 forvarte Verbij meistertittelen i Sprint-EM. Frå VM enkeltdistansar i Inzell fekk han gullmedaljar på 1000 m og i teamsprinten saman med Ronald Mulder og Kjeld Nuis. Året etter fekk Verbij eitt nytt VM-gull, då på lag med Thomas Krol og Dai Dai Ntab. Under VM enkeltdistansar 2021 sikra Verbij seg sit andre VM-gull på 1000 m. Han makta ikkje hevde seg under Vinter-OL 2022 i Beijing. Derimot tok han sølvmedaljen i Skeise-VM 2022 i sprint-firkamp på Hamar, der han òg fekk ein bronsemedalje i teamsprinten.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kai Verbij» frå , den 8. mars 2026.

Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2022