Magnus Saugstrup Jensen () er ein dansk handballspelar frå Ålborg. Han er verdsmeister 2021, 2023, 2025, olympisk meister 2024 og europameister 2026 med Danmark sitt sigerrike landslag. Saugstrup, som er linjespelar, har to gongar vunne EHF-meisterligaen for tyske SC Magdeburg. Han er særleg kjend for sine evner som midtstoppar.
Saugstrup var i tida i 2014–21 aktiv i det danske topplaget Aalborg HB. Her var han med å vinne den danske seriemeisterskapen i 2017, 2019, 2020 og 2021. I 2018 vart laget dansk cupmeister. Sommaren 2021 skreiv han kontrakt med SC Magdeburg. Våren 2022 var han med å vinne bundesligaen, men å tape finalekampen om DHB-pokalen og finalen i europaserien. Eitt år seinare tapte Magdeburg og Saugstrup finalekampen om DHB-pokalen på ny, før laget gjekk heilt til topps i EHF-meisterligaen 2023 ved å vinne med 30–29 over polske Kielce, etter ekstraomgangar. I 2024 sikra Magdeburg seg både DHB-pokalen og fyrsteplassen i bundesligaen. Våren 2025 kvalifiserte Magdeburg til ein ny finale i EHF-meisterligaen, ein kamp der Saugstrup skåra 3 mål og laget hans vann med 32 skåringar mot Füchse Berlin sine 26.
Saugstrup debuterte for Danmark i 2018. Han var med å vinne gullmedalje i VM 2021, sølvmedalje i sommar-OL i 2021, bronsemedalje i EM 2022, gullmedalje i VM 2023, sølvmedalje i EM 2024, gullmedalje i Sommar-OL 2024, gullmedalje i såvel VM 2025 som i EM 2026. Pr februar 2026 har han delteke i 116 landskampar og skåra 220 mål.
Frå 2024 er Saugstrup kaptein på landslaget.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Magnus Saugstrup» frå , den 13. mars 2026.
Kategori:Danske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Danmark Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Danmark Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024