Catherine Martina Ann Connolly () er en irsk politiker som vart president av Irland i 2025.

Bakgrunn Connolly voks opp i Shantalla i Galway.

Ho tok ein mastergrad i klinisk psykologi ved University of Leeds i 1981. Deretter praktiserte ho som klinisk psykolog i fleire år. Etter det tok ho juridisk embetseksamen ved University of Galway i 1989 før ho studerte ved King’s Inns og vart advokat i 1991.

Politisk karriere

Lokalpolitikar Connolly melde seg inn som medlem i Labour Party etter parlamentsvalet i 1997. Ho vart vald inn i Galway bystyre i 1999, og var ordførar i Galway frå 2004 til 2005.

Underhuset Frå 2016 var Connolly folkevald representant i underhuset til Teachta Dála (den irske nasjonalforsamlinga) for valkrinsen Galway West.

Presidenten i Irland I 2025 stilte Connolly som presidentkandidat i Irland. Ved presidentvalet 25. oktober 2025 vann Connolly med 63 %; motkandidat var Heather Humphreys frå Fine Gael. Connolly vart dermed vald til å bli den neste presidenten av Irland, som etterfølgjer etter Michael D. Higgins. Ho vart innsett i embetet den 11. november 2025.

Politisk linje Connolly blir karakterisert som ein venstreorientert uavhengig person. Ho er pasifist.

Innanrikssaker I ei folkerøysting i Irland i 2015 støtta ho kravet om å tillata likekjønna ekteskap.

Utanrikspolitikk Connolly har uttrykt uro for at irsk nøytralitet kan bli utfordra. Ho har meint at Irlands fred kunne bli trua av det ho kalla «det krigshetsande militærindustrielle komplekset» i Europa.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Catherine Connolly» frå , den 20. mars 2026.

Kategori:Irske politikarar