Svein Terje Gulbrandsen () var ein  fotballspelar frå Oslo som vart noregsmeister 1963 og 1965, og seriemeister i 1966 med IK Skeid. Gulbrandsen var offensiv midtbanespelar, far til Solveig Gulbrandsen.

Karriere Klubbspel Terje Gulbrandsen spelte frå 1963 på Skeid sitt lag 1. divisjon. I oktober same året var han mellom dei 11 Skeid-spelarane som vann 2–1 over Fredrikstad Fotballklubb i cupfinalen på Ullevål stadion. To år seinare måtte det tre møte til mellom Skeid og SK Frigg før det kunne kårast ein noregsmeister. 7. november 1965 skåra Gulbrandsen det fyrste målet då Skeid vann finalekampen med 2–1 over Frigg. I 1966 gjekk Skeid til topps i 1. divisjon, eitt poeng føre Fredrikstad FK. Gulbrandsen skåra då eitt av Skeid-måla. Fram til og med 1970 deltok han i 99 seriekampar for Skeid og skåra i alt 8 mål. Sidan spelte Gulbrandsen to sesongar på Drafn i 2. og 3. divisjon, før han avslutta med spel for Vålerengen i 1973 og 1974.

Landslagsspel Hausten 1969 deltok Gulbrandsen i 2 landskampar. 21. september 1969 spelte han heile kampen då skåringar av Ola Dybwad-Olsen og Pål Sæthrang syrgde for siger 2–0 over Danmark. Drygt sju veker seinare kom han i 2. omgang innpå Estadio Azteca i Mexico-byen då heimelaget vann heile 4–0 over dei norske gjestene.

Trenar 1997-sesongen trente Gulbrandsen kvinnelaget til Kolbotn Idrettslag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Terje Gulbrandsen» frå , den 24. mars 2026.

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Skeid-spelarar Kategori:Vålerenga-spelarar