Eilev Groven Myhren () er ein norsk musikkvitar, filolog og omsetjar.

Myhren har hovudfag i musikk, og har norsk, norrønt og folkeminnevitskap i fagkrinsen. Nynorskomsetjinga hans av verket The Lord of the Rings kom ut i desember 2006. Med tittelen Ringdrotten er omsetjinga særkjenna av aktivt bruk ulike norske talemål og skriftnormalar for å skildra dei ulike folkeslaga i Midgard. Han fekk nynorsk litteraturpris for 2006 for omsetjinga; det er andre gong prisen vert delt ut for eit omsetjingsarbeid.

Han har seinare omsett Tolkiens bok Hobbiten til nynorsk, Tiden 2008.

Folkemusikk og kor I Groven Myhrens hovuddoppgåve i musikk: Fons et origo, arven fra europeisk renessanse i norsk folkemusikk og dans, vert den norske springaren og polsen drøfta i lys av tredelte danseformer frå renessansen. Arbeidet med norsk folkemusikk har nedfelt seg i artiklar, mellom anna i Årbok for norsk folkemusikk. Groven Myhren spelar sjølv hardingfele, har spela til dans og delteke på kappleik.

Han har i fleire år verka som kordirigent, laga arrangement og skrive musikk for kor.

Eilev Groven Myhren er son av Magne Myhren og Dagne Groven Myhren, og bror av Øyonn Groven Myhren.

Bakgrunnsstoff Brukte tre år på Ringdrotten på http://www.dagogtid.no Tolkiens tekst i Ivar Aasens ånd på http://www.aftenposten.no

Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske filologar Kategori:Norske musikkvitarar Kategori:Vinnarar av Nynorsk litteraturpris