mini|Grøn stolpe (tilgjengeleg for rullestol) ein stad i Kviteseid. Stolpejakt er ein mosjonsaktivitet som kombinerer turgåing, kultur og naturopplevingar. Aktiviteten er hovudsakleg lokalisert i nærmiljø, men har òg spreidd seg til meir tradisjonelt skogsterreng og til fjells.

Stolpejakt blir arrangert av Foreininga Stolpejakten, skipa 20. oktober 2014 med føremål «å bidra til auka fysisk aktivitet blant folk flest over heile landet». Foreininga Stolpejakten omtalar seg sjølv som «ei allmennyttig foreining som skal bidra til auka fysisk aktivitet blant folk flest i heile landet». Per 1. juli 2020 hadde foreininga registrert nærare 150 000 stolpejegerar rundt om i landet, og 5 821 287 stolpebesøk. Per 31. desember 2021 hadde talet på deltakarar auka til 234 157 stolpejegerar nasjonalt, som hadde registrert langt over 17 millionar besøk på dei mange stolpane.

Foreininga Stolpejakten marknadsfører stolpejakt som eit gratis tilbod. Stolpar Foreininga Stolpejakten eller tilknytte samarbeidspartnarar, ofte eit lokalt orienteringslag eller turlag, set ut særskilt tilverka stolpar i terrenget med QR-kode som kan skannast med ein eigen app. Alternativt kan ein registrere stolpane ein har funne på eit fysisk kart. Stolpane har ulike fargar som viser vanskegrad. Dei gir ulikt tal poeng i Stolpejakt-appen, avhengig av kor vanskelege dei er å finne. Grøne stolpar skal vere tilgjengelege med rullestol. Deretter aukar vanskegraden til blå, raude og svarte stolpar. Det blir delt ut merke for talet på stolpebesøk i dei ulike fargane, talet på kart ein har vitja eller fullført, talet på stolpar over 900 meter over havet, og talet på kommunar og fylke ein har vitja. Sjå òg Geocaching – ein liknande aktivitet der ein brukar ein app for å finne fysiske, gøymde behaldarar, kalla geocachar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stolpejakt» frå , den 1. mai 2026.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside

Kategori:Friluftsliv Kategori:Mosjon