Jacques Jean Marie Rogge () var ein idrettsutøvar, idrettleiar og lege frå Gent i Belgia som frå 2001 til 2013 var president i Den internasjonale olympiske komitéen (IOK).
Rogge var 16 gongar belgisk meister i rugby og ein gong verdsmeister i segling. Dei olympiske sommarleikane i 1968, 1972 og 1976 deltok han i finnjolle-klassa.
Rogge var president for den belgiske olympiske komitéen frå 1989 til 1992, og leiar for dei europeiske olympiske komiteane frå 1989 til 2001. Han vart medlem i IOK i 1991 og styremedlem i 1998.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jacques Rogge» frå , den 4. mai 2026.
Kategori:Belgiske idrettsutøvarar Kategori:Idrettsleiarar Kategori:Medlemmar i Den internasjonale olympiske komitéen Kategori:Belgiarar