Jon Engen-Helgheim () er ein norsk gartnar og politikar frå Nedre Eiker i Buskerud. Han representerte Buskerud og Framstegspartiet på Stortinget 2017–2021 og frå 2025.
Karriere Helgheim arbeidde 1998–2003 som anleggsgartnar. Sidan var han i 14 år tilsett i firmaet Accept Servicepartner AS som har hovudkontor i Lier kommune. Han var i seks år seljar, deretter driftssjef.
Politikar Helgheim engasjerte seg for Framstegspartiet i 2007. Frå 2011 til 2017 var han medlem i Drammen bystyre. Eter fire år i formannskapet, leia han frå 2015 bystyrekomiteen for helse, sosial og omsorg i Drammen kommune. Deretter mellombels varaordførar i Drammen frå mai til oktober 2017.
Ved stortingsvalet 2017 var han Framstegspartiet sin andrekandidat i Buskerud og fekk sete i Stortinget. Perioden mellom 2017 og 2021 var han partiet sin talsmann i innvandrings- og integreringspolitiske saker, medlem i Kommunal- og forvaltningskomiteen. Stortingsvalet 2021 var Helgheim andrekandidat i Oslo for Framstegspartiet. Partiet fekk då færre røyster enn ved førre stortingsval, så Helgheim vart varamann til Stortinget. Ved stortingsvalet 2025 stod han øvst på Buskerud Framstegsparti si valliste. Etter attval vart han vald til leiar av Justiskomitéen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Folk frå Nedre Eiker Kategori:Folk frå Drammen