Kjetil Bjørklund () er ein norsk politikar og byråkrat frå Dokka i Oppland. Han representerte Oppland og Sosialistisk Venstreparti i Stortinget 2001–05.
Bjørklund var innom ei rekke ulike yrke før han i 2001 vart vald til å representere Oppland og partiet SV i Stortinget. På Tinget var han medlem i Forsvarskomiteen. Sosialistisk Venstreparti mista mandatet i Oppland ved stortingsvalet 2005. Så frå oktober 2005 til februar 2006 var han politisk rådgjevar til miljøvernminister Helen Bjørnøy i Regjeringa Stoltenberg II. Vinteren 2006 fekk Bjørklund jobb i Kommunenes Sentralforbund og var tilsett der i mange år.
Bjørklund var medlem i Gjøvik kommunestyre og formannskap frå 2007 til 2019. I denne perioden leia han ymse kommunale utval.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Politiske rådgjevarar frå SV Kategori:Politiske rådgjevarar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Folk frå Lillehammer